EIDSVÅG / RAUDSAND: – På oppdrag frå Bergmesteren Raudsand AS, utarbeider vi ein forstudie for kompetansesenter for sirkulær næring på Raudsand, seier dagleg leiar for Nesset næringsforum, Ulrik Sverdrup Molton.

Målet er å få etablert eit nasjonalt kompetansesenter for sirkulær næring, med fokus på gjenvinning av avfall til nye produkt.

– Kva viser forstudien?

– Eg kan ikkje gå i detalj. Men vi ser for oss eit senter tilknytt gjenvinningsanlegget og deponiet som Bergmesteren ønsker å etablere på Raudsand. Det er snakk om eit senter for forsking og utvikling, med kompetansearbeidsplassar, seier Sverdrup Molton.

Han nemner forsking, resirkuleringsteknologi og sirkulær økonomi som stikkord. Og poengterer kommunens strategiske næringsplan, og Stortingsmeldinga «Avfall som ressurs – avfallspolitikk og sirkulær økonomi» som sentrale grunnlagsdokument.

Den blå-grøne regjeringas målsetning på dette området har også relevans og stor interesse, ifølge Sverdrup Molton.

– Kva omfang er det tale om?

– Det er vanskeleg å seie, men ambisjonen er at det skal vere eit nokså stort senter, med mange arbeidsplassar, seier Sverdrup Molton.Men utan å ville konkretisere «mange».

– Korleis skal senteret finansierast?

– Det er opp til oppdragsgivar. Men det er nok aktuelt å søke på støtteordningar og offentlege midlar, mellom anna har EU store program på dette.

– Er det aktuelt for Nesset kommune eller Nesset næringsforum å gå inn med midlar?

– Nei, ikkje per no. Det får ein eventuelt ta opp i det vidare arbeidet, seier Sverdrup Molton.

Han opplyser at første utkast av forstudien etter planen skal vere klar i løpet av veka.