Siv Harstad (47), opprinneleg frå Batnfjordsøra, er tilbake på norsk jord, etter å ha nådd toppen på det siste av dei sju; Mount Vinson i Antarktis.

– Fantastisk

– Ein fantastisk fin tur! Og veldig artig! slår Siv Harstad fast, godt fornøgd med å vere notert som fjerde norske kvinne og 10 nordmann som har stått på toppen av dei sju.

Etter å ha blitt flydd inn frå sørspissen av Chile, brukte ho og følgjet 4 og ein halv dag på turen, og nådde toppen av Mount Vinson 4. januar.

– Det vanlege er å bruke enda eit par dagar, så det gikk radig unna.

Minus 35, men vindstille

- Og vi var veldig heldige med vêret, det var faktisk nesten vindstille da vi kom på toppen, det er uvanleg, fortel Harstad. Ho opplyser at temperaturen låg på minus 25, på toppen var det minus 30–35.

– Det kjennest ikkje såå kaldt på grunn av tørr luft, og ein er jo godt kledd, seier toppdama.

Ti år

Denne sjuande av dei sju vart bestige nøyaktig ti år etter den første av toppane, nemleg Aconcagua, som ho nådde i januar 2008.

– Kva skal du finne på no!?!

– Hehe, det finst mange andre fine fjell, både i Norge og verda elles, så det vert nok ikkje noko problem å finne nye turmål!