MIDSUND/ MOLDE: – Tidlegare har vi fått opp mot 1,2 millionar kroner i året i slike midlar frå det regionale utviklingsfondet. For 2017 var summen vi formidla om lag 600.000 kroner, opplyser midsundordførar Odd Helge Gangstad.

Fordeling 2017-midlane frå Midsund kommune næringsfond vart fordelt slik:– Vi har ofte delt ut til unge i ein oppstartsfase, og til bedrifter som har kome opp i tøffe periodar. Dette er eit viktig verkemiddel med tanke på å sikre arbeidsplassar, seier Gangstad.

Tømde fondet

Da formannskapet som tiltaksnemnd rett før jul ga fiskarane Fredrik Løken og Andreas Løken Håbet midlar frå fondet, var det siste rest.

– Ja, vi tømde fondet, og diverre ser det ut for at dette var siste tildeling, seier Gangstad.

Kraftig kutt

Seksjonsleiar Eivind Vartdal Ryste ved regional- og næringsavdelinga i Møre og Romsdal fylkeskommune, stadfester at framtida er usikker når det gjeld påfyll til dei kommunale næringsfonda. Potten på 77 millionar kroner i 2017 er kutta til 58 millionar for 2018.

– Det er ille, det vil bety mindre utvikling av arbeidsplassar. Rapportar frå kommunane tyder på at dette er viktige tilskot, seier Vartdal Ryste.

Vurderer

– Vi undersøker no korleis dette kan handterast, sidan ein del av summen skal til Innovasjon Norge, og ein del går til prosjekt vi støttar direkte. Vi førebur ei sak som kjem opp i februar, seier Vartdal Ryste.