(Sunnmørsposten): – Dette var ikkje i mine tankar då eg sa ja til å vere listefyll på stortingslista til Framstegspartiet.

Det seier 68 år gamle Knut Flølo, nordfjording frå Breim som har budd dei siste 50 åra i Vestnes.

– Eg veit ikkje når barten kom. Det må ha vore på byrjinga av 80-talet.

Sidan har mustasjen vore eit varemerke for Frp-politikaren som har gått gradene gjennom kommunestyret og fylkestinget – fram til Stortinget.

Finanskomiteen

– Eg hadde vore i stortingsbygninga fleire gonger før, då eg var ordførar i Vestnes. Men det var likevel høgtideleg då eg skulle på talarstolen for første gong i haust.

Flølo hamna nemleg i finanskomiteen, og har for lengst hatt sin talarstoldebut.

– Ja, du var vel med på å auke avgiftene nok ein gong. Det har vel aldri vore så dyrt brennevin og bensin som etter at Frp kom inn i regjering?

– He, he. Noko skuldast løns- og prisstiginga, noko skuldast at Frp ikkje har reint fleirtal. Så då får vi slikt som poseavgift og sukkeravgift. Men det er ikkje noko vi i Frp applauderer.

Knut Flølo er utdanna elektrikar, og kom til Tomrefjord i 1968. Ikkje lenge etter møtte han Sonja, og 20. desember i år kunne dei markere at dei hadde vore gift i 48 år.

Sommarhus i Steigen

Sonja har røtene sine frå Nordland, så paret har no feriehus i Steigen. Der er dei kvar sommar, i eit hus med mykje historie i veggane.

Historisk vart også Knut Flølo då han i 2003 vart første direktevalde ordførar frå Frp.

– Vart ikkje Hans Olav Myklebust i Ørsta også vald då?

– Jau, men vi var raskare til å telje opp røystene, ler Flølo.

Han var altså ein av mange ordførarar med veske som gjennom åra har sprunge rundt i korridorane på Løvebakken, på jakt etter sine eigne stortingsrepresentantar – anten det er ein veg, ei bru eller tunnel dei treng pengar til.

No sit Flølo sjølv ved andre sida av bordet. Han seier at dei slett ikkje prøver å gøyme seg når flya med ordførarane har landa.

– Mørebenken lagar til møteprogram med dei ulike som vil treffe oss, fortel han.

Heime på juleferie

I tillegg får ein stortingsrepresentant ein del andre førespurnader, mest frå eigne partilag og partifellar som vil ha ei sak opp og fram – men også frå privatpersonar som treng hjelp.

Men akkurat no har 67-åringen fri frå møte. Dei tok juleferie på Løvebakken frå 20. desember.

Sjølv om Knut Flølo har vore politikar i 40 år, så er han like mykje kjend som næringslivsmann. Mykje av det har med Aust-Europa å gjere.

I 1989 vart Nicolae Ceaușescu, diktatoren i Romania, styrta. Landet var i stor naud, befolkninga fraus og svalt.

Vestnes Rotary samla inn pengar og klede, og køyrde til Romania. Knut Flølo var med.

– Eg såg at det var viktig at rumenarane fekk til næringsutvikling og handel, og eg såg at dei kunne bygge skipsskrog.

Kjøpte verft

Saman med Per Einar Tomren hadde han starta eit selskap som knytte kontakt med skipsverft i Romania. Etter kvart kjøpte dei eit verft sjølv, som dei selde vidare til Aker-systemet i 2003.

I dag er det mange norske verft som får skroga sine bygd i Romania.

– Det eg var med på å bygge opp i Romania er noko av det eg er mest tilfreds med å ha fått til i næringslivssamanheng.

Kor lenge han blir sitjande på Stortinget veit ingen. Over natta kan det bli endringar i regjeringa. Då kjem Flølo heim til Sonja på Helland. Det ser han ikkje på som nokon nedtur.

Denne saka vart først publisert på smp.no