Bernhard Riksfjord har lagt nyttårsønsket sitt ut på Facebook, og fortel laurdag at responsen og støtta til utspelet har vore enorm.

– Det har strøymt på med kommentarar og «likes», og mange har også tatt kontakt direkte, på sms og epost, fortel Riksfjord til Rbnett.

Det er «klimaet» for ordskiftet i sosiale medium som opptek aukraordføraren ved årsskiftet. Han er bekymra over at det går i feil retning, og ønsker seg at 2018 vert eit år med fredelegare tilstandar, forbetring i språkbruk, og mindre trasige karakteristikkar.– Vi opplever for tida mange tilfelle med det som dessverre ofte er vondsinna hets, skrive eller delt mot enkeltperson(ar), mellom anna på Facebook, seier Riksfjord.

– «Uvesen»

Til Rbnett utdjupar han engasjementet:– Eg trur dessverre at denne negative tendensen berre vil auke på. Så det er på tide at vi som ikkje ønsker at dette skal få utvikle seg med denne forkastelege «mobbinga», må ta tak og formidle at dette «uvesenet» er heilt forkasteleg, seier Riksfjord.

– Har du spesielle eksempel i tankane?

– Det kan vere forskjellig, vi ser jo stadig nye døme. Men vi såg jo særleg knallharde rundar undervegs i sjukehussaka, der einskildpersonar fekk mykje pes. Og det er ofte godt vaksne personar, gjerne med barn/barnebarn, som mange gongar er «verstingar» som skriv og legg ut. Dei tenker nok verken på konsekvensar eller signaleffekt, seier Riksfjord.

Han er sikker på at om tilsvarande vart brukt mot dei sjølve eller deira familiar av andre, ville dei ikkje funne seg i det. – Dei ville synest det var både urettferdig og forferdeleg å bli omtala på ein slik måte, seier Riksfjord, og poengterer at det vil lønne seg å vente nokre dagar med publisering av slike ting, og tenke over det både to og fleire gonger.

Etterlyser folkeskikk

– Det vi ser, er etter mitt syn utslag av manglande normal folkeskikk og omgangsform. Dessutan treng ikkje folk å kunngjere alt ein tenker i alle samanhengar – det gjer ein jo heller ikkje verken heime eller på arbeidsplassen. Men det er akkurat som at når visse folk sit åleine over tastaturet, då er alt lov, seier Riksfjord.

Han etterlyser at folk rettar seg etter vanleg folkeskikk, som dei fleste held seg til både i kvardagen og på nett.

Gratis tiltak

Hans nyttårsønske er dermed at folk går litt i seg sjølve, tenker over kva ein deler med omverda på sosiale medium, og styrer unna hets, mobbing og negative ord.

Han legg til:

– Det er ein liten ting å gjere, og heilt gratis!