Sannsynlegvis avvist

– Det går slik sett ikkje berre å «sende over». Men så kan ein jo tenke seg at interpellasjonen kunne bli lagt fram av nokon i nemnda, men da vil den nok bli stoppa ut frå mandatet som fellesnemnda jobbar ut frå, seier Dahl.

– Så den vil bli avvist?

Mandatbestemt

Han poengterer at fellesnemndas mandat er å planlegge for den nye felleskommunen, administrativt og økonomisk.

– Nemnda skal ikkje ha rolle som overkommune, fram til samanslåinga er dei tre kommunane sjølvstendige kommunar. Vi har ikkje mandat til å meine noko om det som skjer i kvar av kommunane, utanom det som går på økonomi og budsjett, seier Dahl.

– Men kva med saker som har ein langtidseffekt som kan ha betydning for den nye kommunen?

– Eg ser resonnementet. Men drar ein dette langt nok, vil ein kunne seie at alle saker har ein langtidseffekt – til dømes vil ein kunne tolke inn reguleringsplanar. Men desto nærmare ein kjem 1.1. 2020, desto meir relevant vil dette bli.

– Er fellesnemnda aktuell som høyringsinstans når saka kjem så langt?