I 2013 vedtok Vestnes kommunestyre at kommunen bør ha fire skular. Tre år seinare vart det vedtatt å sjå på skulestrukturen når den nye ungdomsskulen er på plass i 2021. Til møtet i kommunestyret måndag hadde administrasjonssjefen innstilt på å legge ned skulane både i Tresfjord og Fiksdal frå 1. august 2019.

Utsette problema

– Skal ny ungdomsskule vere på plass i 2021, må strukturen bli endra for å dekke kapitalutgiftene. Dersom det ikkje blir vedtatt endring i strukturen, kan eg ikkje tilrå at det blir gjort vedtak om bygging av ny ungdomsskule når konseptstudiet blir lagt fram i januar. Vi må orientere, de må bestemme. Eg er lei for at skulestruktursaka får all merksemd, utfordringane er massive på mange område, sa administrasjonssjef Tone Roaldsnes til kommunestyret.

Utviklinga av barnetalet i Vestnes er svært negativt; frå 1020 på det meste til 750 i dag. Dette vil gå ned til under 700 dei neste fem åra med dei tala vi har i dag, opplyste kommunalsjef Magne Værholm.

Men politikarane hadde liten lyst til å forsere nedlegginga av dei to skulane. På veg inn til møtet vart dei møtt av elevar frå Fiksdal skule med klar melding at dei vil ha skulen sin.

I kommunestyresalen førte Bjørn Inge Olsen (Sp) an i kampen for å bevare dei to grendeskulane.

Framtid for bygdene

– Det er utidig av administrasjonen å fremme forslaget om nedlegging no, dette er å gå baklengs inn i framtida. Legg vi ned skulen, vil også barnehagen forsvinne over tid. Skal vi vere truverdige, må vi seie nei til forslaget om nedlegging, det er lite å spare på å bryte lovnader, sa Bjørn Inge Olsen.

Varaordførar Randi Bergundhaugen (H) sto fast ved at strukturen blir tatt opp når ny ungdomsskule er på plass. Engasjementet i denne saka er stor, meiningane sterke.

Administrasjonen har lagt fram det som blir karakterisert som eit svært stramt budsjett. Situasjonen blir ikkje enklare av at staten kjem med stadig nye og kostbare pålegg til kommunane. Dette rammar ikkje minst små kommunar som Vestnes, som har valt å stå åleine, vart det understreka.

Overstyrt av staten?

– Ein kollega sa at rådmannen blir statens bøddel. Stadig nye krav set små kommunar i knipe. For Vestnes går dette blant anna på brann, barnevern og legevakt. I tillegg kjem utfordringar med samhandlingsreforma og digitaliseringskrav, sa Tone Roaldsnes.

Guttorm Kjelsvik (Sp) meinte at vi er på veg tilbake til embetsmannsstaten, med eit byråkrati som bestemmer det meste.

– Er det ikkje snart på tide å opponere mot byråkratmakta? spurte Kjelsvik.

Martin Kjøpstad (V) reiste spørsmålet om Vestnes kan klare å halde fram som eigen kommune, og trur at dette spørsmålet kan komme opp at. Samtidig la han til at Venstre står fast ved å vente med ny skulestruktur til den nye ungdomsskulen står ferdig. Dermed var det klart for at forslaget frå administrasjonssjefen om nedlegging i 2019 ikkje ville få støtte.

Samla om vedtak

I staden samla kommunestyret seg om at skulestrukturen skal takast opp att når ny ungdomsskule er på plass.

Investeringsbudsjettet på 25,8 millionar vart vedtatt som innstilt. Driftsbudsjettet er på knapt 500 millionar, etter justeringar på fem millionar kroner i høve til forslaget frå administrasjonssjefen. Eigedomsskatten i Vestnes blir uendra på fire promille.

Økonomiplanen vart samrøystes vedtatt. Foto: Olav Skjegstad