Stormly var pynta standsmessig til den store premieren med faklar og raud løpar ved inngangen. Inne vart vi møtt av eit feststemt publikum med høge stettglass og med alkoholfri champagne.

Før visninga av filmen nytta manusforfatter, produsent og regisør, Henrik Dalsbakken, høvet til å takke Onafolket for all hjelp under filmopptaka på Ona. Dalsbakken fortalde vidare at han har mange gode ferieminner frå Ona i barneåra, og at dette var ein av årsakene til at miljøet i filmen vart lagt hit ut. Mormor hans frå Stafset i Skodje kommune var nemlig søskenbarn til Olav Viken på Husøya.

Fornøyeleg film

Miljøet i filmen startar i Oslo på ein veldig tragisk måte. Kasper (Benjamin Helstad) fekk sparken som vikarlærar i musikk, samtidig som vi fekk kjennskap til faren til Kasper, Georg Margrethe (Ingar Helge Gimle). Georg Margrethe er sterkt alkoholisert, er transseksuell og har nettopp fått eit mentalt samanbrot. For å kome seg vekk frå elendigheita bestemmer far og son seg til å reise nordvestover og ut til Ona for å representere Kaspers nyleg avdøde mor. Mora hadde meldt seg på i NM i quilting. Quilting er lappeteknikk for å sy saman lapper til eit bilete eller teppe.

Turen over fjellet, ned Romsdalen og utover til Ona vart den store komedien i filmen. Her oppsto den eine rare situasjonen etter den andre. Komplikasjonane var mange, til publikummets store fornøyelse.

Endeleg framme på Ona og framme på forsamlingshuset «Stormly», viste det seg at dei hadde kome fram ein dag for seint.

Likevel, filmen enda godt med ein tredjepremie til Kaspers avdøde mor, og den store kjærleiken for Kasper.

Filmen var fornøyeleg, underhaldande, sjåverdig og kan absolutt anbefalast.

Premiærefesten

Etter framsyninga fekk filmfolket som var til stades under førpremieren ståande applaus.

Den påfølgande premierefesten var etter god Onatradisjon. Eit stort og velfylt kakebord var flott pynta. Med god kaffi til smakte det skikkeleg førjulsgodt.

- Film til terningkast 5

Før neste ferjeavgang møtte vi først på ein av statistane, Svein Bjørnerem. Det var ikkje stort du fekk sjå av meg, gliste han med ein god pose popkorn. Det var ein fin og varm film. Fin fotografering, flott manus med mange overaskelser. Terningkast 5 kunne han trille ut.

Fantastisk og truverdig heile vegen utan overspeling, var Turid og Tonje Myrvang Viken sin dom. Turid legg til at det var ei varm og god historie som ein kunne kjenne seg igjen i. Fine miljøskildringar.

Mari Ann Iversen og Ingrid Sandøy var også oppglødd. Artig historie og spesielt artig at Ona var ein del av miljøet i filmen. Eg flira så berre det, fortalde Mari Ann. Ingrid la til at her var det mykje psykologi i korleis skodespelarane takla dei mange episodane. Tragisk i starten, men det vart rarare og rarare etter kvart.

- God historie, «feelgood film»!

Hilde Sørmoen var kanskje den mest fornøgde kinogjengaren denne kvelden. Ho har vore kontaktperson for filmfolket heile vegen.

Alle har vore topp folk og veldig kjekke å vere saman med. Ein god og tankevekkande komedie var henne sin dom, og ikkje minst kjempereklame for Ona. Kanskje endå større reklame enn det «Ona Fyr» vart, boka til Ingebrigt Sten Jensen, var Hilde sin spådom. Og så må du legge til; eit veldig godt frammøte. Vi er trass alt ikkje fleire enn 14 fastbuande her ute.

Det siste var også leiar for Bygdekinoen, Arnfinn Inderhaug, enig i. Han kunne ikkje få fullrost den utrulege dugnadsinnsatsen som har vore vist her ute på Ona.