MIDSUND: – Sjølv om det er stor innsats og god budsjettdisiplin i einingane, og sjukeheimen går i balanse, ligg det an til betydeleg underskot i år. Dette dreg vi med oss vidare, innleia rådmann og økonomisjef med, da kommunestyret torsdag hadde 2018-budsjettet på agendaen.

Paradoks

Det vart vist til at meirforbruket relaterer seg til mellom anna ressurskrevjande brukarar og større utgifter til barnevern, samtidig som det er lite å gjere med inntektene.

Rådmann Ketil Ugelvik poengterte også at kommunen står i ein paradoksal situasjon økonomisk.

– På drift er det særdeles stramt, medan vi på investeringssida har det mest ekspansive budsjettet nokon gong, sa Ugelvik, og viste til tilskota kommunen får i samband med kommunesamanslåinga.

Tøffe kutt

Rådmannen har lagt inn kutt i lønnsutgifter på seks millionar kroner på 2018-drifta, ramma blir redusert frå 136 til 130 millionar kroner.

– Det er ikkje så mange av nabokommunane våre som må gjennom slike tøffe tak, sa rådmannen. Han viste til at alle einingar har fått realnedgang i sine rammer, nedskalering og nedbemanning er i gang på fleire felt. Mellom tiltak er også inndraging av vakante stillingar, stillingskutt i administrasjonen, og auka eigenbetaling på tenester.

– Smertefullt

Frits Inge Godø (V) kommenterte at det er ille å seie opp folk.

– Men det verste er at vi må seie opp tenester, sa Godø.

– Dette er smertefulle kutt. Det er ein tragedie at vi no mellom anna må gi opp planleggarstillinga i administrasjonen. Vi skulle sjølvsagt som andre ha innført eigedomsskatt for lenge sidan, sa Magne Reiten (Sp).

Robek neste?

Arnstein Misund (KrF) stilte spørsmål om det no er slik at Midsund står i fare for å komme på Robek-lista.

– Vi har betydeleg utfordring med inndekking, så det kan vere reell fare for å hamne på Robek-lista, ja, svarte Ugelvik.

Investerer

På investeringssida ligg reformstøtta på 100 pluss 25 millionar til grunn. Desse er sett av til delfinansiering til mellom anna Antonbua, nybygg ved Midsund skule, ny fotballhall og fleire gangvegar. Restfinansiering vert gjort ved låneopptak.

Rådmannen opplyste at skuleprosjektet, som har vore gjennom fleire rundar med bearbeiding, no er knadd ned frå 123 til 102 millionar.

Fekk ikkje meir til fotballhall

Adrian Sørlie (H) kom med debattens einaste forslag til endring, da han ville ta inn 2,7 mill. kr til restfinansiering av fleirbrukshall med garderobeanlegg. Summen ville han ta frå gangvegprosjektet Akslakkleiva – Fjøsbakken.

– Om idretten lokalt skal inn med 3,4 millionar i andel for å realisere hallen, bør det bli eit komplett anlegg med garderobe, sa Sørlie.

Forslaget skapte debatt, men fleirtalet ønska heller å satse på gangveg, som det vart poengtert lenge har vore forsømt.

Ingen julemiddag

Dermed vart budsjettet banka slik rådmannen la det fram.

Tradisjonelt har kommunestyret avslutta arbeidsåret med julemiddag, slik vart det ikkje i år. Det lange møtet hadde pause, på menyen stod som vanleg kaffi og rundstykke.