Det vert ikkje kommunale kontor i Antonbua – det er klart etter at eit fleirtal i kommunestyret vedtok å stryke dette alternativet.

Fleirtalet av midsundpolitikarane var ikkje interessert i dette: Formannskapet vedtok å stryke punktet med alternativ om innreiing og bruk av bua til kontor. Dette vart også resultatet i kommunestyret.

Sp og Venstre argumenterte med vern gjennom bruk, at dette var føresetnad frå riksantikvaren, at det ville blitt eit bygg med særpreg, og at det ville vere klokt å kunne basere avgjerd på mest muleg fakta.

Representantar frå fylkeskommunen var til stades - det vart ein debatt i debatten om dei skulle kunne svare på spørsmål undervegs.

Magne Reiten (Sp) ville gjerne ha fagkjeldene inn, men fekk ikkje aksept for dette.

– Vi har fått brev frå vernestyresmaktene og har lese det. Vi har ikkje behov for fleire spørsmål, svarte Inger Lise Trønningsdal.

Ved votering vart det altså fleirtal  11 – 6 for alternativet som omfattar opprusting av «kappa» på Antonbua, og at kommunale kontor skal komme i nybygg saman med næringsareal.