Ketil Sorthe (Ap) foreslo å stryke investeringsramme og låneopptak etter 2018 i formannskapet sitt forslag, og sende saka tilbake. Forslaget fekk Ap sine 4 røyster.

Grensesvar til våren

Gjemnes må legge korta på nytt dersom departementet seier ja til at ein del av Gjemnes får gå inn i nye Molde kommune.

– Konsekvensane bliri så fall svært alvorleg for dei attverande. Budsjett- og økonomiplanarbeidet må då starte på nytt, seier ordførar Knut Sjømæling (Sp) til Romsdals Budstikke.

Store løft

Kommunestyret vedtok budsjettet for 2018 med ei driftsramme på litt over 160 millionar kroner. Dei store løfta i perioden 2018–2021 blir ny sjukeheim til 204 millionar kroner og ny skule til 35 millionar kroner. Trass i leiting i alle krokar etter pengar, kjem ikkje kommunen utanom ekstra driftsreduksjonar på 699.000 kr i 2019, 1.243.000 kr i 2020 og 6.093.000 kr i 2021. Arbeidet med å finne sparetiltak skal skje før januar er ute.

Lånefinansiert

Kommunestyret godkjente ei samla brutto investeringsramme i 2018-2021 på inntil 283,565 millionar kroner, og ei samla låneramme på 256,634 millionar. Tilskot frå Husbanken på 63 millionar kroner skal gå til nedbetaling av lån i 2021.

Kommunestyret godkjente at det blir tatt opp lån på 72,574 kroner til investeringsoppgåver i 2018. Avdragstida på lån blir strekt maksimalt, der lån til ny sjukeheim og Batnfjord skule har 50 års avdragstid.

Låg inntektsvekst

Rådmann Birgit Eliassen peika på at Gjemnes har fylkets lågast vekst for tredje året på rad. Reelt er det nedgang i økonomien.

– Det blir ein del pengar når vi får samanslått lønns- og prisvekst gjennom tre år, sa ho.

Berg og dal-bane

Økonomisjef Per Olav Eide la fram tal som teiknar ein økonomi i berg og dal-bane. Frå underskot i 2011 på 23,4 millionar kroner og plass på ROBEK-lista, har Gjemnes kommune i år 21 millionar oppspart. Men framover blir det vanskeleg. Inntektene frå staten vil minke år for år, og investeringane vil nær doble finansutgiftene, frå under 11 millionar kroner i 2016 til vel 22,5 millionar i 2021.

Kritikk frå Ap

Bjørnar Danielsen (Ap) kritiserte formannskapet for ikkje å ha gjort jobben sin og klarlagt konsekvensane av storsatsinga på skule og sjukeheim.

– Nei, det er ikkje heilsvart i dag, men framover blir det det. Er det forsvarleg å investere så mykje når inntektene går ned, og binde opp økonomien i 50 år framover utan at ein veit kva konsekvensen blir for drifta? Dette er uansvarleg. Burde vi ikkje først ha undersøkt kva økonomien tillèt før vi set i gang, spurte han.

– Kan justere plana

Knut Sjømæling (Sp) svarte at økonomiplana kan justerast år for år. Om ein går med Ap, vil Gjemnes igjen hamne i ørkenvandring, meinte han.

Ketil Sorthe (Ap): – Ordføraren opptrer som om han styrer ei privat bedrift. Det er ikkje anledning til å ordne opp i kommuneøkonomien etter kvart. Ein skal vite konsekvensane før ein set i gang, sa han.

Rådmannen slo fast at forslaget held juridisk.

Kjell Per Dønheim (Frp) hadde tru på at satsinga vil gå bra.

– Blir straffa

Heidi Hogset (V) hevda budsjettet viser at Gjemnes blir straffa fordi kommunen vil fortsette på eiga hand.

Jan Karsten Schjølberg (Ap) sa at han ikkje hadde tru på at skule og pleie / omsorg vil bli betre i storkommunen Molde.

– Ikkje heilsvart

Borghild Neergaard Aarset (Sp) var bekymra for skule og barnehage, men såg det ikkje heilsvart.

– Skule og barnehage er vi nøydd å ha dersom vi vil ha innflyttarar. Mykje positivt skjer også i skulen, meinte ho.

Aarset orda frampå om å avhende eigedommar som Hjorten og kommunale bustader.

– Spelar vi korta våre rett, trur eg dette vil gå bra, sa ho.

Vart irritert

Rolv Sæter (SV) syntest Aarset samanfatta situasjonen bra.

– Men eg blir irritert når Jon Hals og Heidi Hogset seier det løyser seg berre vi går inn i ein større kommune.

Rasjonaliseringspisken

Heidi Hogset (V) trudde ikkje Gjemnes ville fått det annleis med ei raudgrøn regjering.

– Vi har ei stor utfordring i Kommune-Norge kor som er, og kan ikkje lenger ha ein så stor offentleg sektor. Før eller seinare blir rasjonaliseringspisken henta fram, trudde ho.

Gammal og ny moro

Odd Steinar Bjerkeset (KrF):

– Ingenting nytt når det blir sagt «dette er det vanskelegaste budsjettet vi har hatt», men eg begynner å tvile, eg også no. Ingen reservar finst å drive for i 2018, og vi har ein minus på 8 millionar kroner dei neste tre åra. Eg trur ikkje grensejusteringa i indre Gjemnes blir noko av når målet er større kommunar. Men eg trur ordtaket «gammal moro» må endrast til «ny moro». Vedtar vi dette budsjettet, seier vi ja til minst like høg eigedomsskatt som no og ny kommunestruktur på litt sikt.