– For å ikkje misse meir tid, er det no viktig å ta dei rette grepa, skriv rådmann Ketil Ugelvik. Saka om vegen vidare for Antonbua skal igjen opp i formannskap og kommunestyre torsdag.

Tilbake på heving

Første punkt i rådmannens innstilling lyder «Antonbua vert ikkje heva» – dette inneber i så fall å reversere vedtak frå førre kommunestyre.

Då var sak om arkitektkonkurranse om Antonbua kontorbygg og næringspark som kjent avgjort, og Arkitektene bbw kåra til vinnar og skal gå vidare med eit skisseprosjekt. Det vart også fleirtal for eit tilleggspunkt om å heve bua.

Fryktar motsegn

– Ikkje tid eller råd til motsegn

I etterkant har både arkitekt og fleire faginstansar sterkt frårådd dette. Rådmannen poengterer i saksutgreiinga at ein har fått klart råd om å ikkje heve bua ut frå arkitektonisk, byggteknisk og vernefagleg ståstad.

– Vi har ikkje råd eller tid til ei runde med motsegner. Konklusjonen er klar: Heving av Antonbua er ikkje tilrådeleg, skriv Ugelvik.

Offentlege kontor

Arkitektkonkurransen var basert på at det skulle inn mellom anna kommunale / offentlege kontor i Antonbua, til erstatning for arbeidsplassar i det gamle kommunehuset som ikkje held mål. Arkitektanes konkurranseskisse omfattar også fleksible bygg for næringslivet, knytt til Antonbua.

I mellomtida har det kome forslag om igjen å tenke nytt, og at kommunens tilsette kanskje heller kan få nye arbeidsplassar i nybygg ved bua.

– Må få oversikt

Rådmannen poengterer no at det er viktig å få fram kva alternativa er; få oversikt over kva som er muleg, og kva som kan vere av hinder.

Han viser til at skisseprosjektet frå konkurransen skal ligge til grunn for løysinga som vert valt. Og til føresetnader som at ein skal vektlegge det utanomhuslege, så området skal bli fint og attraktivt. Midsund kommune har som eigar av Antonbua etter ein lang prosess fått aksept for riving av naust og tilbygg mot at bua vert teken vare på – rådmannen minner om at Riksantikvaren er oppteken av vern gjennom bruk.

– Ser på sambruk

Rådmannen poengterer også at kommunen no har tilrettelagt tomta for næringsutvikling, og at Midsund Næringsforum no er utfordra om å klargjere sine behov for næringsareal.

– I dette ligg det også at ein ser nærare på areal som både kommune og næringsliv kan ha sambruk på, skriv rådmannen.

To alternativ

Han foreslår at politikarane gir arkitektfirmaet i oppdrag å utarbeide skisseprosjekt med to alternativ:

Alternativ 1:

Omfattar innreiing og bruk av 2. og 3. etasje i Antonbua, og at næringsaktørar står for eit næringsbygg etter behov.

Alternativ 2:

Omfattar utgreiing om å sette i stand «kappa» på Antonbua, utan at bua vert innreidd og teken i bruk no. Dette i kombinasjon med nybygg som skal huse offentlege kontor, frittståande eller saman med eit næringsbygg.