I halvtimen før kommunestyremøtet tysdag markerte Gjemnes bondelag motstand mot planane. Dei diskuterte med politikarane på veg inn til møtet.

– Arealet er ikkje regulert enno, men vi vil vere i forkant av prosessen og seie frå, slik at vi er sikre på at argumenta våre blir med frå starten. Vi meiner behovet for areal ikkje har blitt dokumentert, slik det er krav om. Kommunen har planlagt å ta tre gonger meir jord enn det som trengst, mellom anna til ein barnehage, som etter vår meining ikkje treng å ligge på området. Dei hevdar at unge og eldre høyrer saman. Vår meining er at barnehagen godt kan ligge i ein skogkant.

Jørn Harstad seier utbygginga går ut over garden til Thorleif Indergård, som misser 20 dekar av den beste jorda. Indergård driv med mjølkekyr og sau. Det blir også snart eit generasjonsskifte på garden. Dette er viktig jord for gardsdrifta i framtida, den ligg nært tunet og er av god kvalitet.

Jordvern har prioritet frå Stortinget, men Fylkesmannen kjem ikkje med motsegn då kommunen seier det ikkje er realistiske alternativ, ifølgje NRK.

Tøff budsjettøkt

Gjemnespolitikarane har knapt hatt ei vanskelegare budsjettbehandling enn i år.

Knut Sjømæling i e-post før møtet:

– Budsjettsaka blir vanskeleg, med ein svært stram økonomi i 2018 og vidare ut 2021, seier ordførar Knut Sjømæling (Sp) før møtet. Vi planlegg mange investeringar framover som også får konsekvensar for drifta på sikt.

Her tenkjer han først og fremst på sjukeheim/helsehus til 204 millionar kroner og ny skule til 35 millionar kroner, som gjer at det blir lite pengar att til å drive kommunen for.

Grensejustering

Det spesielle med økonomiplana er at fylkesmannen behandlar sak om grensejustering i indre Gjemnes. Får søknaden tilslutning og 25 prosent av innbyggarane går til nye Molde kommune, får dette svært alvorlige konsekvensar for dei attverande i Gjemnes kommune. Budsjett- og økonomiplanarbeidet må då starte på nytt, seier Sjømæling.

Fylkesmannen kjem med si innstilling til departementet før påske 2018. I januar (veke 3 og 4) blir det innbyggarhøyring, der alle over 16 år i dei berørte kretsane vil bli oppringt.

Følg med på Rbnett kva som skjer med budsjettsaka i kommunestyret.

Ordførar Knut Sjømæling (Sp) tok seg tid til å snakke med demonstrantane før møtet. Frå venstre Magne Roy Astad, Thor Erik Aandal, Rolf Kristian Blekken, Eirik Undlien med dottera Alina, Bente Bjerkeset Solenes og Jørn Harstad. Foto: Oddbjørn Harnes