Det seier Ole Mindor Myklebust på Harøya til Sunnmørsposten.

«Kato» frå Harøya sette rekord med 152 vågekvalar i år - dei ti andre båtane på årets kvalfangst tok til saman 280 dyr. Meir enn kvar tredje kval vart altså fangsta av reiarlaget på Myklebust på Harøya.

Jobbar for internasjonal handel

Han kjem rett frå Svolvær og årsmøtet i Norsk Småkvalfangarlag. Der stod internasjonal handel på programmet. Berre fem land tillèt sal av kvalprodukt: Norge, Island, Færøyane, Grønland og Japan.

Med fiskeriminister Per Sandberg på laget blir det no jobba for at kval igjen skal bli ei lovleg handelsvare over heile verda. Myklebust har tru på at det kan bli ei endring på sikt.

– Prosessen er i gang med at vågekval igjen blir ei frihandelsvare. Vi har den dokumentasjonen som trengst på at vågekvalen ikkje er trua – i våre fangstområde er det 130-140.000 dyr. Men det er ein omfattande prosess. Vi har som mål å få dette opp på neste årsmøte i Cites, som er i 2019.

Må ta marknadsansvar i Norge

Også den norske marknaden er tema i kvalnæringa. Myklebust forklarer suksessen til «Kato» og Myklebust Hvalprodukter med at dei tar marknadsansvar.

– Vi har kjedeavtale med Norgesgruppen. Vi driv produktutvikling av helsekost- produkt. Og vi har avtale med Felleskjøpet om restråstoff til dyremat, fortel han.

Dei har også vore godt synleg på Matfestivalen i Ålesund i fleire år.

Einerett på Japan

«Kato» er einaste kvalbåt med fryseri. Han fortel at dei har plass til 150.000 tonn om bord.

Fryseri om bord er også heilt nødvendig for å få lov til å selje kvalkjøt til Japan.

– Vi får avsetning på alt. To tredelar går til Japan. Resten blir selt i Norge, seier Ole Mindor Myklebust.

Denne artikkelen var først publisert i Sunnmørsposten.