Selskabet for Molde Byes Vel har gått inn for at kvalen og tynna skal bli felles kommunevåpen.

Ein kan sjå det slik at kvalen og tynna historisk er gode representantar for heile kommunetarmen som no blir skapt. Kvalen er frå utgammal tid eit godt kjent dyr. Han ”gjekk i silden”, vart det sagt. Truleg var det på desse kantar slik kvalfangst som dei på Strilelandet ved Bergen har drive fram mot vår tid. Namn som Kvalvika fleire stader her, tyder på det.

Petter Dass seier om kvalen: ”du grumme Søe-konge, Fortæl mig naar Tarmen er sulten og tom, Hvor mange Tønd’ Sild at der gaaer i din Vom….”

Det store berget som heiter Kvalen på vestenden av Sekken, er velkjent. Det er ei samanlikning med det store sjødyret. Dette viser at folk her må ha hatt dyret i tankane fram gjennom tidene.

Tynna fortel så godt om det som var viktigaste levevegane her. Dei mange notlaga som dreiv landnotfiske etter sild var det som gav mykje av skillingane på dei småvorne gardane. Krøterhald og åkerbruk gav berre mat, og det som skulle betalast i landskyld i leiglendingstida. Sjølv gardar langt frå sjøen var med i notlag på 1800-talet. Notfiske var den gongen ikkje noko dei dreiv med berre ut mot havet. Der var det få stader det var såpass smult at ein kunne ro ut ei kastnot. Dette er om lag uråd i straum og båre.

Notfiske etter sild har i området til den utvida kommunen gått føre seg lenger attende enn folkeminnet rekk. Dette er innhaldet i tynna. Saltet til den salta silda i tynna var for det meste brent her lokalt før det kom kjøpstad med import av salt. Dei mange saltkjel- og saltbunamna fortel om dette.

Å arbeide tynner har nok vore det viktigaste handverket , iallfall i det som no er Nesset og Molde. Også i Midsund vart det nok arbeidd tynner, men då mest av stav litt lenger inne i distriktet frå. Men tynner trong dei mange av der.

Storparten av gardane, sjølv om dei var små, hadde noko tollskog. Dei skar tynnestav og arbeidde tynner. Dette bøkkert-handverket lærte dei frå ættled til ættled. (Ordet bøkkert er dialektform av bøkker. I tysk heiter handverkaren Böttcher.)

Tolle var det einaste som dugde til tynner, og det hadde ein mest av i denne delen av Romsdal. Tolle (fure) av mindre dimensjonar vart brukt. Stavane i ei tynne kan ikkje vere for breie. På større gardar var det ikkje uvanleg at dei leigde ein kar som arbeidde tynner om vintrane.

Staven vart skoren på sagene om våren. Så vart han stabla i stavlad for å tørke. Slike stavlad la dei som reiste gjennom distriktet lett merke til. Mot slutten av tida med tynneproduksjon kom det ein del både større og mindre tynnefabrikkar der arbeidet vart meir mekanisert. I lang tid var Kortgård Fabrikker den største tynnefabrikken i landet Då vart det òg vanleg å selje stav til desse fabrikkane. Ofte var det kombinert tynnefabrikk og landhandel. Det vart levert tynner, og så handla ein daglegvarer for betalinga for tynnene. Det var vanleg å ha med til handelsbua denne viktige notisboka. Der vart utlegget for varene ein kjøpte drege frå det ein hadde til gode for tynner eller stav ein hadde levert. Slik praksis gjekk føre seg til 1960-talet, f. eks. hos Jenny og Ingvald Nakken på Nes i Kleive.

Folk fortel at det om vintrane før bilane si tid kunne vere reine karavanar med dei som køyrde tynner på slede frå stader som Heggem og Markå (Gusjås-området) til Nes. Somme streva og drog nokre tynner på dragarkjelke.

Nokre tiår utpå 1900-talet tok dei i bruk jarnband på tynnene. Det hadde på stader med mykje hatl (hassel) vore eit handverk å hogge bandstakar og smie tynnband.

Dei som kunne å arbeide tynner var etterspurde på stader som Kristiansund og Ålesund. Somme av dei som frå vårt område vart bøkkertar i desse byane, slo seg ned der for godt. I Amerika var det arbeid å få for slike. Også på prærien var det mangt som måtte oppbevarast i tynner, alt frå rom til krut (kruttynne). I sørstatane pressa dei tobakk i tynner (fat).

I tynner hadde dei altså sild, anna fisk, korn, tran, tjøre, lever, øl. Vikingane hadde øl- og vasstynne ståande ved mastra på skuta, les ein om.

Tynneproduksjonen gjekk føre seg i mange hundre år. Ein høyrer m.a. at sunnmørsfuten Ole Alsing i 1747 kjøper opp 4-5000 tynner sild for storhandelsmann Hornemann i Trondhjem. Sjølve tynnene kom nok frå Romsdal. Sunnmøre mangla skog. I området kring Osen Jarnverk ville dei heller arbeide tynner av småtolle enn å brenne trekol av henne til verket.

Rundt 1970 var tida for tynneproduksjon forbi, slik det var for sildkasser av tre då kasser av isopor tok over.

Det er ikkje berre byområdet den blåsande kvalen og tynna fortel om.

Det er nok viktigare for framtida å konsentrere seg mykje om jamn fordeling til alle område i ein slik storkommune frå fjellheimen til havskjera, enn å streve så hardt med å setje kvart sitt lokale særmerke i eit kommunevåpen.

Er det slik at kvar av dei tre kommunane skal få inn kvart sitt særdrag frå notida i det nye kommunevåpenet, kan det bli retteleg vanskeleg å gjere dei tre gamle kommuneområda til lags.

Kåre Magne Holsbøvåg og Ola Gjendem, Selskapet for Molde Byes Vel

Vignettbilde Foto: Iver Gjelstenli