Fredag ettermiddag blei det klart kven som blir dei første som får tildelt midlar frå Bli kjent-fondet.

– Mange gode søknader

– Det kom inn mange gode søknader, seier nessetordførar Rolf Jonas Hurlen, leiar i kulturbyggingsgruppa for nye Molde kommune til Rbnett.

Han opplyser at mange av søknadane var innanfor det som låg i utlysingsteksten, nokon var utanfor, andre i ei gråsone.

Prioritering

– Vi har prioritert dei som vil arrangere noko ekstra for at folk skal bli kjende i dei tre kommunane som skal slå seg saman. Formålet med fondet er jo nettopp «bli kjent». Vi fann gode døme på slike tiltak både når det gjeld kultur, og tiltak som omfattar eldre og ungdom, seier Hurlen.

Ting som blir arrangert uansett, har ikkje fått støtte.

– Spennande

Han framhevar fellesprosjektet som revygruppene i dei tre kommunane går saman om, og karakteriserer det som spennande. At det vert lagt opp til felles seniordanstreff er også midt i blinken, det same at unge i dei tre kommunane vil besøke kvarandre.

Delte ut 120.000

Til saman blei det delt ut 120.000 kroner i denne omgang. Da fristen gikk ut 1. desember, var det kome inn 26 søknader.

– Vi var veldig spente på responsen, og er godt fornøgd. For dei som ikkje fekk noko i denne omgang, og for andre, kjem det nye sjansar neste år, seier Hilde Johansen, kommunikasjonssjef i Molde kommune.

Desse fekk

Molde musikkråd: Søkte støtte til konsertdugnad på Plassen, inviterer folk i dei tre kommunane – fekk 10.000 kroner

Nesset Frivilligsentral: Søkte støtte til Bli kjent-treff saman med frivilligsentralane i Molde og Midsund – fekk 10.000 kroner

Grotta Ungdomsklubb, Midsund Ungdomsråd og Tomrommet Fritidsklubb: Søkte støtte til felles klubbkveld – fekk 10.000 kroner

Midsund Seniordans: Søkte støtte til felles dansetreff for Nesset, Molde og Midsund – fekk 10.000 kroner

Eresfjord barne- og ungdomsskule og Vistdal skole: Søkte støtte til å besøke Midsund skule – fekk 10.000 kroner

10. klasse Midsund: Søkte støtte til skuletur til Nesset – fekk 10.000 kroner

Otterøen Revylag, Molde Revyselskap og Eidsvåg ungdomslag, teatergruppa: Søkte støtte til felles revyforestilling, fekk 10.000 kroner kvar

Rabalderfestivalen og Nesset Musikkfest: Søkte støtte til Rabalderfestivalen 2018, med planlagt samarbeid med Nesset musikkfest – fekk 10.000 kroner kvar

Kia Molde: Søkte støtte til fleirkulturelt arrangement i Midsund og Nesset – fekk 10.000 kroner

– Alle som søkte, får brev med beskjed om tildelinga over helga, poengterer Hilde Johansen.