- Dette er ein merkedag! Det seier Tor Rune Aarø, tillitsvald for sjukepleierforbundet, i ein kommentar etter at Helse Midt-Norge torsdag formiddag vedtok forprosjektet til SNR.

Aarø var ikkje på arbeid torsdag og fekk ikkje følgt saka så tett, men uttrykker at det er gledeleg at Helse Midt med sitt vedtak gir honnør for jobben som er gjort med forprosjektet.

- Det er lagt ned eit stort arbeid, og det er mange som har medverka. Det er gledeleg for alle partar som på denne måten får tilbakemelding om at det er gjort ein god jobb. Det er også gledeleg for pasientar og befolkninga, og for tilsette som har stått på for å få betre arbeidsvilkår, seier Aarø.

- Kva betyr vedtaket?

- At vi no går inn i gjennomføringsfasen, at det ikkje handlar berre om papir, men at det også vil skje ting på tomta på Hjelset. No må vi jobbe for å få til god framdrift der, og også ha fokus på tilbodet vi skal ha i Kristiansund. Dette er snakk om eit totaltilbod, vi skal sette trykk på begge stader, seier Aarø.

Nils Valle, tillitsvald for overlegane ved Molde sjukehus, var oppteken med pasientar heile dagen, og hadde ikkje fått med seg at det er gjort vedtak.

- Så det er gjort vedtak, ja. Det er fint, men det var også som forventa, seier Valle.

Tillitsvald i Yngre legers forening, Ida Camilla Monn Birkhaug, hadde fri torsdag, og var også ukjend med vedtaket da RB tok kontakt.

- Så bra! Det var jo som forventa, vi hadde jo håpa at det skulle gå slik, kommenterer Monn Birkeland da ho blei gjort kjend med vedtaket.

- Dette er kjempefint for alle, det betyr at vi er eit steg vidare, og kan begynne å jobbe med sjølve sjukehuset, seier Monn Birkhaug.