Aukra: Under eit storstilt arrangement om integrering for eit fullsatt Soltun tirsdag kveld, fekk Røde Kors, avdeling Aukra Omsorg tildelt kommunas aller første Inkluderingspris.

Trivelsskaparar

– Med denne prisen ønskjer Aukra kommune å heidre det frivillige kulturlivet i kommunen, som legg ned ein stor innsats for å skape trivsel. Dette er første gong prisen vert delt ut og med denne tildelinga ønskjer vi å motivere til vidare arbeid og motivere andre til å bli kandidat, sa kultursjef Anne Jorunn Sandøy før tildelinga og la til:

- Vi ønsker å skape medvit rundt dei som engasjerer seg i kvardagen til dei som kan synes terskelen er for høg for å komme i kontakt med folk. Røde Kors, avdeling Aukra Omsorg består av ein gjeng ildsjeler som gir av seg sjølv for å gjere Aukra til ein triveleg plass å bu. På arrangementa deira er det plass for alle og alle føler seg velkomne.

Overraska vinnar

Leiar i Røde Kors på Aukra, Rudolf Iversen, tok imot prisen, som bestod av eit diplom og eit gåvekort på 3000 kroner.

– Dette såg eg ikkje komme! No vart eg heilt skjelven! Og veldig glad. Dette var over all forventning, stråla han.

– Vi starta som ein gjeng frivillige som ville vere med å integrere dei nye innbyggarane i Aukra. For å kunne organisere oss meir praktisk, vart Røde Kors kontakta og lokallaget vart danna i 2015. I dag er vi om lag 15 medlemmer som driv med alt frå Språk-kafé til leksehjelp, transport og øvelseskøyring, flytting og mykje anna der folk treng hjelp, fortel Iversen.

«Bli med å leike?» Under tildelinga tirsdag kveld var også foredragshaldar og motivator Marco Elsafadi tilstades og snakka om integrering og inkludering for dei nærare 300 frammøtte.

– Vi må alle øve for å få bedre toleransekondisjon, og lære barna våre at det er viktig å kunne samarbeide og hjelpe andre fram, i tillegg til å heie seg sjølve fram. Vi treng ikkje å komplisere ting. Einsemd kan kun fiksast med inkludering. Barn seier «Vil du bli med å leike?» - så enkelt kan alle gjere det, sa han.

Og Rudolf Iversen parerte:

- Eg vil oppfordre alle som vil til å bli med oss på Språk-kafé, eller som leksehjelp. Ein treng slett ikkje å vere ekspert, det viktigaste er å bli med «å leike»!

– Og pengane?

– Jau, no skal vi unne oss ei skikkeleg julefeiring! avslørte den glade prismottakaren.