OSLO: Statssekretær Lars Andreas Lunde (H) i Klima- og miljødepartementet var med på møtet da Norsep presenterte teknologien sin i Klima- og Miljø departementet.

– Dette er eksempel på ny teknologi som gir håp om meir gjenvinning av farleg avfall. Vi er glade for all utvikling av teknologi som betyr at vi kan utnytte ressursar betre, føresett at ein samtidig tek hand om farlege stoff på ein miljømessig forsvarleg måte, seier Lunde i ein kommentar til Romsdals Budstikke.

Han poengterer at dette også er i samsvar med regjeringas ønske og målsettingar om sirkulær økonomi.

– Korleis vil ny teknologi påverke behovet for og arbeidet med plan om deponi for farleg avfall?

– Dette arbeidet går sin gang.

Sjølv om ny teknologi kan minske behovet for deponi for flygeaske, vil det også vere behov for deponi for andre typar farleg avfall, som syre. Behovet i framtida vert gjerne mindre, men vil framleis vere til stades. Sidan det snart er fullt på Langøya, må vi få på plass ei løysing for dette, seier Lunde.