MIDSUND: – Vi har ledig kapasitet, og tilbyr no langtidsplassar for Molde og andre kommunar med mange liggedøgn på sjukehus, seier Leif Arne Lagesen, leiar for helse- og omsorgstenester i Midsund kommune.

To plassar

På neste års midsundbudsjett er talet på langtidsplassar i sjukeheim redusert frå 24 til 22. Differansen på to er plassar som kommunen no tilbyr andre kommunar med behov. Rådmannen nemner sal av sjukeheimsplassar som tiltak for å dekke inn ein million kroner som manglar for å dekke opp balansen på neste års budsjett.

– Har kapasitet

– Dei seinare åra har vi ikkje hatt verken press på, eller venteliste for langtidsplass på sjukeheim. Vi kan dermed selje ut desse plassane, seier Lagesen.

Det er her snakk om enkeltrom med eige bad, nokre av dei med utsikt til fjord og fjell.

– Vi kan sjølvsagt ikkje garantere superutsikt til alle, men vurderer plassane som attraktive. Både fordi vi har ledige, fine rom, og ikkje minst god kompetanse. Vi har god dekning når det gjeld fagfolk som sjukepleiarar, seier Lagesen.

– Kva er prisen?

– Det er ikkje offentleg, men det vil vere langt rimelegare enn å la folk bli liggande på sjukehus. Og så vil jo Molde få betre pris enn andre, da, seier Lagesen, og poengterer at han gler seg til kommunesamanslåinga.

Byane slit

Han stadfester også at andre kommunar er interessert i kjøp av sjukeheimsplass.

– Vi ser at bykommunane slit mest med å ta unna når pasientar er ferdig behandla på sjukehuset, og at både Molde og Kristiansund har problem. Det er også tragisk for pasientar som vert liggande, dei ønsker seg jo berre ut derfrå, seier Lagesen.

– Vil ikkje moldefolk vegre seg for sjukeheimsplass så langt unna?

– Det trur vi ikkje. Spørsmålet er heller om tenesta trengst. Det går jo ferjer, så det er lett å komme seg hit. For pårørande som ikkje køyrer bil, er det litt verre, men dette handlar om å sjå litt på kven det kan passe for. Kanskje er det til dømes nokon som har røter eller bakgrunn utover her, som gjerne kan tenke seg hit, seier Lagesen.

Ingen liggedøgn

Kommuneoverlege Thomas Rakvåg opplyser at Midsund kommune ikkje har liggedøgn på sjukehus.

– Vi legg til rette for at pasientar kjem rett inn på korttidsplass på sjukeheimen. Vi organiserer også øyeblikkeig hjelp/KAD sjølv lokalt, og sparer folk for unødig innlegging på sjukehuset, poengterer han.

Pasientar ligg da maks 3 døgn på ø-hjelp. Etter det får dei korttidsplass på sjukeheimen om det er behov for det, eller reiser heim ferdig behandla, eventuelt med forsterka hjelp av heimesjukepleien, ifølgje Rakvåg.

– Fungerer godt

– I det heile har vi eit svært godt fungerande helsetilbod i Midsund. På sjukeheimen er det størst pågang etter korttidsplassar, fordi folk flest vil bu heime lengst mogleg. Dei er inne ei stund, og får så forsterka og tilpassa forhold heime, seier Lagesen.

Han poengterer at små forhold og korte linjer er ein fordel.

– Dermed kan vi ordne opp i ting raskt, så folk slepp å vente. Vi har stor fleksibilitet og lågt sjukefråvær, som igjen gir trivsel og godt arbeidsmiljø. Dette kjem både tilsette og brukarar til gode, også dei som bruker ein kjøpt plass, seier Lagesen.