Da fristen var ute, var det ein søkar til stillinga som prest i Midsund, men han var ikkje kvalifisert og dermed uaktuell, opplyser personalsjef Alice Elnes i Møre bispedømmeråd.

– Vert stillinga lyst ut på nytt?

– Den blir ikkje lyst ut igjen med det første, og det er uklart kva som skjer vidare. Vi skal bruke litt tid på å avklare dette, seier Elnes.

Var sett på vent

Det vert dermed ikkje eigen prest i Midsund med det første, trass i stort engasjement frå ordførar Odd Helge Gangstad for å få ny prest på plass.

Då presten i Midsund slutta i sommar, vart det kjent at utlysing av stillinga var sett på vent på grunn av den økonomiske situasjonen i bispedømmet.

– Viktig lokalt og nasjonalt

Ordføraren argumenterte med at prestestilling og fastbuande prest er viktig for kommunen, men også med at bortfall av prestestillingar på bygda er ei utfordring nasjonal t sett.

– Dette er ei viktig sak ikkje berre her lokalt, det gjeld for heile landet. Det handlar om dramatikken i den økonomiske situasjonen for kyrkja, argumenterte Gangstad. Han tok også saka opp med partileiinga i Senterpartiet.

Lyst ut

I august vart det klart at stillinga likevel skulle lysast ut. Føresetnaden var at midsundpresten også skulle gjere teneste utanfor Midsund og samarbeidsområdet Aukra/Midsund/Sandøy.

Laber respons

Men då stillingsfristen var ute, var fasiten altså at ingen med teologisk utdanning ønska seg til Midsund.

At kommunen har prestebustad ståande klar, vart tydelegvis heller ikkje avgjerande.

Ordførar Odd Helge Gangstad er overraska over at ingen prest har søkt stillinga.

– Merkeleg! Dette var rart. Men vi veit jo at det kan vere vanskeleg å få tak i prestar for tida, så vi må vel vere enda meir offensive, seier Gangstad i ein kommentar.

Gir ikkje opp

Han gir likevel ikkje opp.

– Vi kan ikkje gi oss så lett. Vi tek dette vidare med sokneråd og bispedømmeråd, og så må vi kanskje ut og oppsøke teologistudentar før dei er heilt ferdig med studiet. Med ei utlysing som klaffar betre tidsmessig i høve til studieåret, så kan det vere håp om å få tak i ein nyutdanna teolog, seier Gangstad.