MIDSUND: – Om det ikkje er gjennomførleg med heving av bua, må vi tenke nytt. Eit nybygg ved Antonbua vil da vere raskast og beste alternativ for å sikre gode arbeidsplassar og godt arbeidsmiljø for dei tilsette i kommunen, sa Inger Lise Trønningsdal (H).

I eit utvida formannskapsmøte måndag der alle partia var representert, var Antonbua-prosjektet igjen tema. Også arkitekt Asbjørn Bua frå Arkitektene bbw, og prosjektkoordinator Arnold Askeland frå Hammerø & Storvik Prosjekt AS, var til stades.

Vedtak med tillegg

Bakgrunnen var vedtaket kommunestyret har gjort i samband med arkitektkonkurransen for Antonbua kontorbygg og næringspark. Arkitektene bbw vann som kjent konkurransen, den omfatta mellom anna offentlege kontor i bua, og næringsareal i tilknytt nybygg. I tillegg gjorde kommunestyret fleirtalsvedtak om at bua bør hevast, for å unngå problem med innfløyming ved stormflo.

– Klage vil bety forseinking

Vernestyresmaktene har etter vedtaket kome med ein vernefagleg uttale, der det heiter at det vil bli vurdert å klage dersom demontering og heving vert aktuelt. (Sjå eiga sak over)

– Eg blir frustrert! Vi er ikkje herre i eige hus, vi har vernefolka over oss heile tida, utbraut Adrian Sørlie (H).

Forslag om nybygg

– No må vi sette foten i bakken, og sjekke kor vi er. Brevet er eit sterkt signal, går vi vidare med heving, vil det truleg bety motsegn og forseinkingar, sa Arnstein Misund (KrF).

– Det er mange usikkerheitsmoment med Antonbua, eg vil lufte at vi no tenker nytt, og ser på kva som er raskaste veg til målet. I staden for å ha kontor i Antonbua, kan eit nybygg ved bua i tråd med arkitektskissene dekke behovet for arbeidsplassar for kommunalt tilsette. Vi skal ta vare på Antonbua, men det kan vere muleg som eit kulturbygg med anna innhald enn kontor, sa Misund.

Han fekk støtte av Inger Lise Trønningsdal (H):

– Vi har aldri vedteke kontorplassar i Antonbua. Om det er slik at vi ikkje kan heve bua, får vi ta den i bruk til andre ting. No treng vi ikkje meir forseinking! Om løysinga er eit eige bygg ved bua, så gjerne det.

«Nikkedemokrati»

Frits Inge Godø (V) heldt på at det blir fint og bra med kontor i bua, og at det blir fordyrande om ein skal ha både nybygg og opprusting av Antonbua. Han peika også på at det har vore orientert om kontorplanar for Antonbua i ulike samanhengar.

– Sjølv om det ikkje har vore gjort vedtak, så har alle nikka. Det må bli slutt på nikke-demokratiet! Vi har gitt signal til administrasjonen, og det er jobba ut frå det, sa Godø. Rådmannen minte også om at prosjektmidlar er vedteke løyvd.

Hastverk

– No må vi må sjå bort frå heving, og finne ei løysing vi kan samle oss om. Det viktig at vi får landa dette, og kan komme vidare. Vi har hastverk, ikkje minst med tanke på at vi skal over i storkommunen, sa ordførar Odd Helge Gangstad (Sp).

Saka må tilbake til kommunestyret for nullstilling av tillegget om heving, og for endeleg avklaring om alternativ.

– Ingen kommentar

Tillitsvalde for tilsette i kommunen, som har gått skarpt ut

om arbeidsmiljø og muleg forseinking i prosessen, var også til stades og følgde debatten. Men ville ikkje komme med synspunkt.

– Ingen kommentar, var Kim Arnfinn Trosdahl einaste kommentar.

Arkitekt Asbjørn Bua frå Arkitektene bbw deltok på møtet. Her med ordførar Odd Helge Gangstad. Foto: Anita Vingen