Når Edvard Hoem nå gir ut den fjerde romanen i serien om slåttekaren Knut Nesje (d. 1912) og kona Serianna (d. 1923) frå Rekneslia i Molde og dei mange etterkommarane deira i inn- og utland, utløyser nok det ellevill glede hos mange lesarar. Dette er bøker som verkeleg har slått an.

Startpunktet for handlinga i den nye romanen er Molde og Ytre Fræna i 1927 når Eilert Knudtson, son av slåttekaren, er på vitjing etter 34 års fråver, for det meste på farmen sin i Alberta, Canada. Han møter nær slekt på garden Furuli i Molde og på Hoem-garden Bakken .

På garden i Fræna møtest dei to brørne Eilert og Anton Edvard, søner av slåttekaren. Det er fin symbolikk i eit slikt møte, der slektsbanda mellom utvandrarane og dei attverande blir forsterka og understreka. Dei har begge kjempa ein hard strid for å skape ein god heim for familiane sine, bygd på ei fast klippe av kristentru. Nå kan dei sjå tilbake på talrike barn og barnebarn. Men kampen for eit godt liv for dei begge har vore, og vil framleis bli, beinhard. Det å aldri gi etter for motbør, synest å vere eit sterkt gjennomgåande tema i romanen.

Men det er ikkje alle det har gått like bra med. Den mørkaste tråden i boka er den hjarteskjerande forteljinga om den urolege sekstenåringen Lars, ein av sønene til Anton Edvard og Beret Anna på Hoem. Han blir med onkelen Eilert tilbake til Canada, men blir gradvis alvorleg psykisk sjuk og sendt heim att. Han blir isolatpasient på Opdøl asyl i mange år, før han i 1948 gjennomgår ein lobotomi-operasjon på sjukehuset i Molde. Få dagar etter døyr han. Tragedien legg seg som ei mørk sky over huslyden på Hoem, og i særleg grad tyngjer den faren, Anton Edvard, livet ut.

Ein stad i romanen seier Eilert til barna sine at han «kunne ha valt eit liv andre har levd», sikkert med mindre strev og færre økonomiske sorger. Likevel kunne han truleg ikkje ha valt annleis enn han gjorde, til det stakk nok arven frå barndomsheimen i Molde, draumen om noko eige og ei sterk pliktkjensle for djupt i mannen.

Det er ein framifrå romankomposisjon forfattaren har skapt ut frå det enorme materialet han har samla. Stundom vil nok enkelte lesarar fornemme at det blir så tett med namn og relasjonar at teksten kan få preg av oppsummering etter fire bøker med slektshistorie. Det kan gå på konsentrasjonen laus. Ei god hjelp til å lette oversynet er eit namneregister for alle bøkene som forfattaren har plassert bakerst i boka.

Som tilfelle er med dei tre første bøkene, vil lesarane høgst sannsynleg bli bergtatt av den nye romanens mange dramatiske forteljingar, av særeigne stemningar, nokre kjellarmørke og andre lysare, både rørande og humoristiske. Men ikkje minst av Edvard Hoems eineståande forteljekunst som er unik i den nynorske samtidslitteraturen.

Foto: cover