Harøya: Prosjektleiaren seier entreprenørane er i gang på alle øyane med førebuande arbeid til sjølve storprosjektet. Det skal byggast anleggsvegar og lagast forskjering for tunnelane.

– Det går greitt alle stadene. Vi har ikkje møtt på vanskar som vi ikkje har kunna takle.

– Er det rett at de har støytt på djupare myr enn venta på Fjørtofta?

– Ikkje uventa djup myr, men vi var uheldig og fekk mykje regn oppi. Det måtte tilførast ekstra med stein til anleggsvegen der, fortel Nærø.

På Fjørtofta er det Lesja Bulldozerlag AS som har arbeidet, dei er klar til første salve om eit par veker.

På Myklebust har dei ikkje støytt på ekstra utfordringar. Lausmassane over fjellet er her i stor grad aur med eit tynt jordlag oppå, omtrent som forventa, seier Nærø.

Tre tunnelar

På alle fire øyane (Harøya, Fjørtofta, Flemsøya og Haramsøya) er oppgåva for entreprenørane å traue ut lausmassar og sprenge klart for driving av dei tre undersjøiske tunnelane. Lausmassane blir lagt i rankar og skal brukast rundt tunnelopningane når dei er ferdige.

Tunneldrivinga startar neste haust etter at hovudkontrakten er signert i august.

Anleggsveg: Ned frå fylkesvegen på Myklebust til den nye Nordøyvegen er entreprenør Odd Småge AS i gang med å lage anleggsveg. Foto: Oddbjørn Harnes
Marianne Nærø. Foto: Knut Opeide, Statens vegvesen
Arbeidet med å klargjere for tunnel under Fjørtoftfjorden er i gang både her på Myklebust og på Fjørtofta i bakgrunnen. Inne på fastlandet ruvar Gamlemsveten. Foto: Oddbjørn Harnes