MOLDE: – Vi har tatt opp dette med kulvert både i Plan- og utviklingsutvalget, i formannskapet og i kommunestyret. Vi meiner at ei strekning med kulvert vil betre prosjektet. Det seier Frøydis Austigard (V) til Romsdals Budstikke etter kommunestyremøtet der det vart gjort fleirtalsvedtak om trasé for E39 aust for Molde, med firefelts veg i dagen.

Kort kulvert

Austigard er fornøgd med vedtaket torsdag, og uttrykker at det gir eit godt utgangspunkt for vidare utforming. I dette arbeidet ser Venstregruppa for seg mellom anna at vegne bør gå i kulvert ved Retiro-området, eksempelvis med om lag 200 meters lengde.

– Vi trur at fleire tenker som oss, og håper å få andre med på å foreslå dette når no arbeidet med reguleringsplan kjem i gang, seier Austigard.

– Bra for området

– Ein kulvert vil vere veldig bra for området, det vil skape heilskap frå sjøen og opp, og fungere på same vis som haugane som er anlagt på friluftsområdet ved badeplassen, seier Austigard.

Ho poengterer at Retiro-området er svært mykje brukt både sommar og vinter.

– Kulvertløysing vil gjere det enklare for dei som skal opp og ned frå sjøen, det vil forskjønne området, og vil også fungere skjermande for hus langs vegen, seier Austigard.

Kostnad

Ho fryktar ikkje at det skal bli veldig dyrt.

– Det vil jo koste litt meir, men det vil neppe vere veldig fordyrande. Dette er ei løysing vi i Venstre vil går for, og som vi vil komme med innspel om når no arbeidet med reguleringsplan kjem i gang, seier ho.

Lang kulvert er utgreidd

Seniorrådgivar Håvard Austvik, Statens vegvesen region Midt, viser til at vegplanen no skal gjennom to rundar med reguleringsplanarbeid og høyringsrundar.

Austvik opplyser at det i utgreiinga om vegalternativ finst eit alternativ med kulvert – i ei meir omfattande utgåve.

– I dette alternativet ligg det inne ein kulvert på 1,6 kilometer. Prisen på denne er på 3,2 milliardar kroner, altså vesentleg dyrare enn veg i dagen, seier Austvik.

– Kva med kortare kulvertløysingar?

– Å knyte saman Retiro ved sjøen og Retiro-skogen med kulvert kan vere muleg. Men dette må ein sjå på i samband med reguleringsplanarbeidet. Da vil ein kunne vurdere korleis det vil slå ut for miljø og kostnad, seier Austvik.