VESTNES: Vestnes kommune har vedtatt omfattande investeringsplanar med ein totalkostnad på 400 millionar kroner netto dei kommande åra. Dei gjeld rehabilitering av Tomrefjord idrettsbygg, bygging av ny felles ungdomsskule for heile kommunen på Vestnes og nytt helse- og velferdssenter på Vestnes. Skulane i Tresfjord og Fiksdal blir foreslått nedlagt.

Det nye helse- og velferdssenteret skal erstatte dagens Vestnes sjukeheim og Tresfjord trygdeheim. Dagens sjukeheim blir sanert, Tresfjord trygdeheim blir nedlagt og lagt ut for salg når det nye helse- og velferdssenteret står ferdig.

Fleire institusjonsplassar

I utgangspunktet var det planlagt 16 institusjonsplassar og 32 omsorgsbustader i det nye helse- og velferdssenteret på Vestnes. Men etter ei meir grundig vurdering av behovet, vart det foreslått å doble talet på institusjonsplassar til 32. Dermed blir det like mange plassar i det nye senteret som det er ved dei to institusjonane i Tresfjord og Vestnes i dag, totalt 64. I denne saka var det full semje i kommunestyret.

Før ordføraren opna for debatt, oppfordra han kommunestyret til å diskutere det saka handla om; auke i talet på institusjonsplassar. Men der fekk han ikkje viljen sin, heile debatten kom til å dreie seg om plassering av det nye biblioteket på 600 kvadratmeter.

Bibliotekkamp

Varaordførar Randi Bergundhaugen (H) sette fram forslag om å ta biblioteket ut av helse- og velferdssenteret, og i staden arbeide for å lagt det nye biblioteket i sentrum av sentrum, til området mellom Vestnes brygge og hurtigbåtkaia. Ho viste til reguleringsplanen for Helland sentrum, og at alle fagfolk seier at eit bibliotek skal ligg heilt sentralt i ein tettstad eller by.

Foreininga Vestnes kultur venner har arbeidd målbevisst for å få biblioteket i sentrum, og på møtet la Randi Bergundhaugen fram eit brev frå Roger Malme om at næringslivet ser samarbeid om dette som interessant.

– Kan vi seie nei til privat engasjement? spurte Bergundhaugen. Ho fekk støtte frå blant andre Anne Marie Fiksdal (Frp), som meinte at eit nytt bibliotek med allsidig kulturtilbod i sentrum ville skape meir liv i eit frå før nokså dødt sentrum.

Ap og Venstre sprakk

Men fleirtalet i kommunestyret var ikkje til å rikke. Geir Inge Lien hadde full kontroll på den store Sp-gruppa.

– Partipisken gjeld, var kommentaren frå Dagfinn Wiik (Pensjonistpartiet).

Men Sp fekk støtte også frå andre parti; Venstre og Ap delte seg i saka.

Knut Romestrand (Sp) syntest det var ein merkeleg debatt. Han viste til at det er veldig kort avstand mellom dei to alternativa, begge er svært sentrale.

– Er det lagt å gå 75 meter frå sentrum til det nye biblioteket? Dersom vi trekker ut biblioteket frå helsehuset, veit vi ikkje når eit nytt bibliotek på Vestnes kan komme, sa Knut Romestrand.

Aud Sissel Suoranta (Ap) minte om at det har vore jobba lenge for å få private aktørar til å stille opp for kulturhus på Vestnes, ingen ting har skjedd. Ho understreka samstundes at biblioteket i helsesenteret vender mot sentrum, og at avstanden er svært kort.

Partifelle Stig Holmstrøm prøvde å få saka utsett, men fekk berre si eiga stemme på det.

– Respekter vedtaket

Den endelege avstemminga ga resultatet 14–9. Bak fleirtalet sto Sp, KrF og enkeltrepresentantar frå Venstre og Arbeidarpartiet.

– No håpar eg at dette er siste omkamp om plassering av det nye biblioteket og at dagens vedtak blir respektert. Ikkje snakk ned biblioteket, dette skal bli veldig bra, sa Geir Inge Lien.

Kommunalsjef Magne Værholm svarar på spørsmål om investeringar til fleire hundre millionar i Vestnes dei neste åra. I bakgrunnen varaordførar Randi Bergundhaugen, ordførar Geir Inge Lien og administrasjonssjef Tone Roaldsnes.