ERESFJORD: Det var kø utanfor døra da Karoline Tafjord Ringstad torsdag opna dørene til bygdas nye serveringstilbod «Fjord Atmosfære».

Bak gråpapiret

Ivrige bygdefolk møtte fram til opninga, spente på kva som hadde skjult seg bak gråpapiret som har dekt vindauga i lokalet siste tida. Fjord Atmosfære er etablert i Coop-bygget i Eresfjord, i lokala der det også tidlegare har vore kafédrift.

Nytt preg

Karoline Tafjord Ringstad har gitt lokala eit heilt nytt preg. Her er det no ein kombinasjon av 70-tals retro og moderne interiør.

Travel

– Veldig kjekt at så mange møter opp til opninga, sa Karoline, som var travelt opptatt bak kassa og med å servere heimelaga søtsaker. Med seg på opningsdagen hadde ho tre hjelparar; på kjøkkenet og i anretninga Olise Alexander, samt Lise Høstmark og Christiane Blichfeldt som serverte.

Kommunestyret i Nesset har gitt Fjord Atmosfære skjenkeløyve – der vart det opplyst at serveringsstaden skal bestå av kafeteria /pub, og skal drive med catering, konferanse, møte, selskap og liknande.