MIDSUND: Den nye prislappen vart kjent under formannskapets dialogmøte med administrasjonen onsdag. Budsjettprosess og prioriteringar var tema, rådmann og økonomisjef skisserte rammer og ønska innspel.

«Blodfersk» kalkyle

Ny kalkyle for utbygging ved Midsund skule var levert av Hammerø og Storvik seint tysdag kveld. Sluttsummen er no rekna til 123.351.612 kroner. Kalkylen på forprosjektet frå 2011 var på 100.068.808 kroner. Eit visst gap i høve til at det har det vore budsjettert med 75 millionar kroner til prosjektet.

Prosjekt

Utbygginga av skulen er som kjent eitt av tre prosjekt som skal dele potten på 100 millionar kroner som Midsund får i samband med samanslåinga med Molde og Nesset. Dei andre prosjekta er ny fotballhall, og utbygging av Antonbua kontor- og næringspark som mellom anna skal sikre nye kontorplassar til erstatning for dagens kommunehus.

Ifølgje kommunens økonomiplan er ramma på desse prosjekta 144 millionar kroner, fordelt med andel på 75 millionar til skuleutbygging, 10 til hall, og 59 til Antonbua-prosjektet. Prosjekta er tenkt delfinansiert med pengar frå denne 100- millionerspotten.

Gap

– For skulebygget er det no ein betydeleg skvis mellom det som ligg inne, og dei nye tala. Ramma er den same, så her blir det ei utfordring med fordelinga. Det blir nødvendig med justeringar, varsla rådmann Ketil Ugelvik og økonomisjef Arild Sjøvik.

Auke

– I auken frå 100 til 123 millionar ligg det 17 prosent prisstigning, samt at det no er snakk om å bygge eit litt støre areal, opplyste teknisk sjef Inge Rakvåg på møtet. Han poengterte også at kvadratmeterprisen ein har basert seg på, er noko usikker, og at det slik kan bli nødvendig å «kna» skuleprosjektet enda meir.

Vaksenopplæringa

Rådmannen varsla at han vil foreslå å skalere ned og flytte vaksenopplæringa som no held til på skulen – dette er også naturleg sidan det no er færre flyktningar og arbeidsinnvandrar i kommunen. Politikarane tok på si side opp behov for større kjøken ved skulen, og for opprusting av IKT.

Næringsdel ut

For Antonbuaprosjektet kan det ligge an til at næringsdelen av utbygginga vert teken ut av kommunens satsing, sik at næringslivet sjølv må stå for denne utbygginga.

For hallen, vart det vist til at sak om utbygging av denne er utsett av kommunestyret – og at det kan bli ei stor utfordring å halde denne innanfor ramma.

Reformstøtta

På møtet var også reformstøtta på 25 millionar kroner tema. Dette er pengar generert av kommunesamanslåinga, som skal gå til infrastruktur.

Lista over tiltak som er ønska inn her er lang – og det er ikkje rom for alle tiltaka, poengterte administrasjonen. Ein del tiltak er det gjort vedtak om, desse vil komme høgast på lista. Mellom desse er sherpatrapper til Rørsethornet, tursti på Nord-Heggdal, og parkering på Sandane.

I møtet var også nye gangvegar og fiberutbygging mellom tiltak som var ønska på lista.

– Det blir konkurranse om pengane. og kven som skal få beløp. Men uansett må rammene haldast, sa Sjøvik.

Administrasjonen orienterte formannskapet om rammer for budsjettarbeidet. Foto: Anita Vingen