– Det er betydeleg forverring i kommunens økonomi. Det går mot eit underskot på 4,5 millionar kroner, og budsjettarbeidet er tøft. Det sa rådmann Ketil Ugelvik og økonomisjef Arild Sjøvik, då dei orienterte om den økonomiske stoda i sist kommunestyre.

Underskot

Utfordringar i kø

Ugelvik og Sjøvik peika på fleire forhold som gjer situasjonen krevjande.

Det gjeld mellom anna at kommunen må rekne med ein reduksjon i refusjonane relatert til ressurskrevjande brukarar på om lag 3 million. Kommunen har også budsjettert med integreringstilskot, men no viser det seg at Midsund kommune ikkje får nye flyktningar å busette likevel.

Barnevern

Tøft budsjett

Rådmannen vektla at 2018-budsjettet må tilpassast den vanskelege situasjonen.

– Det er jobba tøft med budsjetta for 2018 og 2019. Vi har eit fint korps av einingsleiarar å samarbeide med, og nærmar oss ei skisse. Vi må ned med mange millionar om ein samanliknar med budsjettet frå 2016, dette vil få betydning for einingane. Dette er ein type budsjettsituasjon vi ikkje har hatt før, sa Ugelvik.

– Konsekvensen er at vi må ta ned utgiftsnivået. Vi har no ei skisse for driftsbudsjett i balanse, men det er ikkje ein god situasjon, sa Ugelvik.

Investering på vent

På investeringssida opplyste rådmannen at det vert gjort ny gjennomgang av den planlagde utbygginga ved Midsund skule.

I lys av dette vart det debatt i kommunestyret om den planlagde nye fotballhallen. Begge desse prosjekta er planlagt med andel frå reformstøttepotten, etter avtalen om samanslåing av kommunane Midsund, Molde og Nesset.

Eit fleirtal i kommunestyret vedtok å utsette saka om ny hall, til ein har oversikt over den økonomiske totalsituasjonen.