VESTNES: Saka kjem opp i utdanningsutvalet i fylkeskommunen måndag. Her er fire alternativ vurdert, alt frå å la ting vere som dei er til å rive det gamle internatet og bygge nytt.

Då saka var oppe i 2013 vart det vurdert slik at internatet burde rivast. I fjor kom ein fram til at dette ikkje var nødvendig, og at internatet kan renoverast. Eit nytt internat ville koste 120 millionar kroner, renovering blir langt billigare.

I forslag til Utviklingsplan 2017 ligg det også inne eit nytt tilbygg til avdeling for teknisk og industriell produksjon (TIP), nytt veksthus, ny stall og ny fjøs med plass til 35 kyr i lausdrift. Alt skal samlast rundt eit tun, og mange av dei eldre bygningane på skulen blir tatt ut av bruk. Det er i alt 28 bygningar på skulen, behovet for vedlikehald er stort.

– Dette er ei veldig bra innstilling frå fylkesrådmannen, som vi støttar fullt ut. Tala frå 2013 var berre ei rammeplan.No er det viktig å komme i gang. I 2018 er det foreslått ti millionar til Gjermundnes, så får vi håpe at politikarane følgjer opp med løyvingar i åra framover slik at vi får gjennomføre utviklingsplanen som planlagt, seier rektor Aadne Haarr i ein kommentar til Romsdals Budstikke. Endeleg vedtak i saka kjem i fylkestinget den 12. desember.