Harøy: Noverande Harøy stadion vart innvia i 1980 med flott løpebane og stor stas. I årsmeldinga til idrettslaget dette året sto det at ordførar Idar Grøtta innvia bana med eit lite spark på ballen, men at det var eit stort spark for fotballen på Harøya. I fleire år hadde denne bana ry på seg for å ha eit av dei flottaste grasdekka i fotballkretsen.

Same gras som i Bundesliga

Tidene endrar seg og Harøy stadion står no midt inne i ei totalrenovering av idrettsanlegget på Huse der nytt stadionanlegg er venta ferdig til våren 2018. Gras blir bytta til kunstgras av typen Master 40/165 frå Juta grass. Dette er same type kunstgras som blir nytta i eliteserien og Bundesliga i Tyskland. Under kunstgraset skal det leggast eit støtdempingsskikt av typen Enka Flex. Fyllmassen er sand og miljøvenleg EPDM. Dette til orientering for dei som har kunnskap om slikt.

Dekket på løpebana blir av typen Stobitan SC frå Stockmaier Gmbh som også er av svært høg kvalitet. Med eit slikt dekke håper idrettslaget at friidrettsmiljøet skal få, bokstaveleg skrive, ein ny vår.

Som tiltak for å forlenge brukstida skal det også monterast 6 lysmaster, kvar på 18 meters høgde, rundt bana med Philips lysarmatur. Mastene er dimensjonert for orkan styrke og luxen er på 200 etter krava som blir stilt for å oppnå tippemidlar. Lysarrangementet skal leverast og monterast av Sandøy Energi.

Siste kneik i finansieringa

Harøy stadion blir også nytta av skulen, og alle kan no sjå fram til ein flunkande ny og moderne arena for både fotball og friidrett.

Leiar i fotballgruppa Håkon Heieraas fortel til Romsdals Budstikke at stadion var nedsliten og drenering gjengrodd. Arbeidet med planlegging og finansiering har foregått over fleire år.

– Dette med tildeling av tippemidlar har vore litt vanskeleg å få tak på, seier Heieraas.

– Ein må først ha prioritet frå Sunnmøre fotballkrets. Den får du først når anlegget er ferdig bygd. Dermed var det nødvendig å få kommunen til å foreta sine prioriteringar og vedtak om forskotering av tippemidlane. Når kommunen gjorde sitt positive vedtak i juni i år var siste kneik i finansieringa på plass, og det var for oss berre å seie start opp til den alt valde entreprenøren Vasto Anlegg frå Skodje.

Ansvaret for prosjektleiinga er det idrettslaget som står for med Håkon Heieraas, Magne Runar Harnes, Ole Morten Harnes og Magnus Sperre Tennfjord i spissen. Dei snakkar fram eit særleg godt samarbeid med både Rosteinrederiet og Sandøy kommune. Heieraas fortel at framdrifta går etter planen.

Mange gode støttespelarar

Heldigvis har idrettslaget mange gode støttespelarar i næringslivet i kommunen. Som kjent var det I.P. Husesom i hovudsak finansierte idrettshallen for nokre år sidan. Denne gongen er det Rosteinrederiet som er hovudinvestoren i anlegget, men vi ønsker også å invitere resten av næringslivet med i prosjektet. I det heile er det veldig bra dugnadsinteresse og positivitet som kjem fram når skikkelege løft skal takast, avsluttar fotballeiaren i Harøy idrettslag.

Idrettslaget sitt eige anleggsfond på 2,5 mill.kr. som no blir tatt i bruk, er også i stor grad oppbygd på støttemidlar. Kjell Inge Røkke sitt «prosjekt tilhørigheit» utgjer brorparten av fondet pluss spelemidlar frå grasrotandelen frå Norsk Tipping.

Anlegget er finansiert slik:

Tippemidlar (forskotert av kommunen): 3,5 millionar kroner.

Støtte frå Rosteinrederiet: 3,0 mill. kr.

Harøy Idrettslag – eigne midlar: 2,5 mill. kr.

Gåvemidlar frå Sparebanken Møre: 0,5 mill. kr.

Momskompensasjon: 2,7 mill.kr.

Plantegning av nye Harøy stadion. Foto: Sven Aune