Saka om arkitektkonkurransen Antonbua kontorbygg og næringspark fekk opp temperaturen i kommunestyret i Midsund torsdag, og enda i eit alternativt vedtak.

Innstilte på bbw

Rådmannen anbefalte i forkant politikarane å følgje juryen si tilråding – juryen konkluderte med å tilrå Arkitektene bbws forslag til utbygging ved Antonbua i Midsund.

Se arkitektenes forslag

I møtet gikk konkurransekoordinator Anton Askeland frå Hammerø & Storvik prosjekt AS gjennom arkitektbidraga. Han poengterte tekniske og praktiske val og løysingar, med særleg vekt på nivåutfordringane rundt Antonbua. I konkurransevilkåra står det at Antonbua ikkje skal hevast, som betyr at det kjem vatn inn i 1. etasje ved stormflo.

– Bør demontere

Lars Hagseth (Ap) var først ute med innvendingar.

– Eg ser at det er foreslått at ein kan ha ungdomsklubb der – eller kanskje dykkarklubb! I realiteten betyr dette at ein ikkje får brukt arealet. Vi bør heller demontere heile bua, og bygge opp igjen på ein høgare kote, sa Hagseth, som også etterlyste parkeringsplassar.

– Er forplikta

Rådmann Ketil Ugelvik forklarte at demontering og ny kote var vurdert av ekspertar, og frårådd. Han minte om at denne løysinga i fjor var undersøkt, og kalkulert til 8–10 mill. kr.

– Det er også slik at kommunen er forplikta til å ta vare på Antonbua uansett, og at ein ved bruk både løyser dette og kommunens rombehov. Det finst dessutan tettstadmidlar å hente med denne løysinga.

– Fingeren i jorda!

Høgre var likevel kritisk.

– Kor store er bygga, eigentleg? Og kva er prisen? Her er plan om sal for 170 personar, vi har da sal på skulen – kor er dei som skal bruke dette? Stikk fingeren i jorda, sa Adrian Sørlie.

– Kommunen treng kontorplassar. Om vi skal bruke Antonbua, må vi kunne bruke heile utan å gå med støvlar, sa Inger Lise Trønningsdal. Ho etterlyste også oversikt over aktuelle leigetakarar til næringsbygget.

– Ser bra ut

Sp, KrF og V støtta innstillinga.

– Dette har vore lang dags ferd mot natt, no må vi komme vidare. Sidan framtidige behov er litt uklare med tanke på ny kommune, må vi bygge fleksibelt. Og dette ser fantastisk bra ut, sa Magne Reiten (Sp).

– Det ligg jo i avtalen at Midsund skal ha administrasjon også i den nye kommunen, så det er viktig å jobbe for å få dette ferdig. Det er også gjort grep som kombinerer gammalt og nytt på ein spennande måte, det ser veldig bra ut, sa Arnstein Misund (KrF).

Nytt moment

Høgre bad om gruppemøte, og etter dette fremma Arbeidarpartiet og Høgre forslag om eit nytt punkt i tillegg til innstillinga, der det heiter at Bbw ser på eit alternativ der Antonbua blir demontert og bygd opp att på ei høgare kote.

Tilbake til start?

– Vi har gjennomført konkurransen, og deltakarane har levert etter bestilling. Å plutseleg kaste korta og gjere om på premissane vil eg strekt frårå, sa Magne Reiten (Sp).

– Det står tydeleg i konkurranseteksten at «Antonbua heves ikke», det er altså ein  føresetnad. Forslaget er stikk i strid med bestillinga, vedtek vi dette, må vi starte frå begynnelsen igjen, sa Arnstein Misund (KrF).

Fleirtal

Ved votering fekk fellesforslaget frå H og Ap fleirtal, med 10 mot 7 stemmer.