Søknad er sendt Fylkesmannen, no har det første svaret komme. Departementet har bedd Fylkesmannen prioritere arbeidet med grensejusteringar i dei kommunane som harvedtatt å slå seg saman, i Romsdal gjeld dette Sandøy som blir ein del av Ålesund kommune. Folk på Vågstranda og Hjelvika må derfor vente på endeleg innstilling frå Fylkesmannen.

– Vi har ikkje fått noko klart tidspunkt for når søknaden vår blir behandla, men det vil nok ta litt tid, seier Olav Nyhagen, kasserar i Vågstranda Vel og talsmann i saka om grensejustering.

Direktør Helge Mogstad hos Fylkesmannen opplyser at dei vil jobbe med grensejusteringar i tida framover.

– Innstillinga frå Fylkesmannen om grensejusteringar i kommunar som slår seg saman vil bli oversendt departementet og presentert på ein pressekonferanse like før påske. Deretter kan vi starte arbeidet med dei andre søknadene, seier Helge Mogstad til Romsdals Budstikke.

Stor oppslutning

Styret i Vågstranda Vel har organisert ein underskriftsaksjon med krav om grensejustering, der 75 prosent av dei som vart spurt skreiv under og støtta oppropet, opplyser Olav Nyhagen.

Dersom søknaden blir imøtekommen, blir grensa mellom Vestnes og Rauma der den gamle kommunegrensa mellom Veøy og Voll var før kommunereforma på 1960-talet. Då høyrde Vågstranda og Hjelvika til Veøy kommune.

Nye tider med brua

Nye vegløysingar har aktualisert denne saka. Med Tresfjordbrua er det berre 13 minutt frå Vågstranda til Helland sentrum med bil, medan det tar over dobbelt så lang tid til Åndalsnes. Bompengar er det begge vegar.

Folk vi snakka med på Vågstranda veka har delte meiningar i denne saka. Det som går igjen, er at dei er misnøgde med at fastbuande i dei to bygdene ikkje fekk ei spesialordning slik at dei kunne sleppe bompengar gjennom Vågstrandstunnelen for å komme seg til Måndalen og til kommunesenteret på Åndalsnes.

Opning i Vestnes

Både Rauma og Vestnes har vedtatt å halde fram som eigne kommunar. I vedtaket frå Vestnes kommunestyre er det eit tillegg som seier at kommunen er open for grensejusteringar. Her er nettopp Vågstranda og Hjelvika mest aktuell. Måndag var brevet frå Fylkesmannen oppe som orienteringssak i Vestnes formannskap.

– Tresfjordbrua har gjort at fleire frå Hjelvika og Vågstranda tar turen til Vestnes. Det er også stor innpendling, mange brukar legevakta i Vestnes. Før tok turen tre kvarter, no tar den tretten minutt. Dersom søknaden blir imøtekommen, er dei to bygdelaga hjarteleg velkomne til Vestnes, seier ordførar Geir Inge Lien i ein kommentar.

Frå Vågstranda til sentrum i Vestnes tar det 13 minutt. Foto: Olav Skjegstad
Frå grensa mellom Vestnes og Rauma i Hjelvika. Foto: Olav Skjegstad