VESTNES: Komikaren Linda Eide spelar på mange strengar, eller rettare sagt mange instrument. Det viktigaste er stemma, deretter kjem saksofon, blokkfløyte og munnharpe.

Alt dette var i bruk etter at ho entra scena på Vestnes saman med pianist Sjur Hjeltnes. Ho prøvde å finne fram til noko som var felles for Vestnes og Voss, før ho og Sjur gjekk over til ein hyllest til skarre r-en.

Språkblomster

Blant arten språkblomster er det både vakre planter og ugras. Det gir seg resultat i både vellykka og platte ordspel, og Sjur Hjeltnes kunne ikkje dy seg for å ta eit skråblikk på dei mest pinlege ordspela i tabloidpressa.

Samspelet mellom dei to artistane gjekk ledig og lett, publikum var med på allsong. Publikum vart også utfordra på om dei forstår all teksten i «Den fyrste song», men eitt ord stod dei fast i. Det var ordet «veilar» som verken Linda Eide eller nokon annan har klart å tyde.

Duell med professor

På tredje rad blant publikum sat Helge Sandøy, norskprofessor frå Bud, busett i Bergen. Han vart utfordra til ordduell med Linda. Her skulle dei teste kunnskapen til kvarandre om vossamål og typiske romsdalsord. Linda sleit med å forstå både «laustaus», «harbust» (armbrøst) og «gåre» (gut), medan Helge hadde problem med spesielle vossaord. Det enda til slutt uavgjort.

– Tresfjord har urspråket

Helge Sandøy vart intervjua om romsdalsdialekten, han gjekk tilbake til språkstriden på 1850-talet, der sokneprest Otto Theodor Krohg slo fast at dialekt passar godt til religiøse formål, medan elitespråket måtte brukast til folkeopplysning. Han meinte også at Tresfjord-dialekten var den gjævaste og sjølve urspråket i Norge.

Likte seg i Vestnes

Salen på Myra var fylt til siste plass, kontakten mellom scene og sal var god frå første innslag. Både Linda Eide og Sjur Hjeltnes sette pris på mottakinga dei fekk på Vestnes.

– Songtradisjonen står sterkt i Møre og Romsdal. Det opplevde vi også her i kveld, publikum var med, seier Sjur Hjeltnes til Romsdals Budstikke like etter konserten.

– Eit triveleg møte med Vestnes, men romsdalsdialekten er litt vanskeleg for ein vossing, innrømmer Linda Eide.

Nye førestillingar

Torsdag kveld står Midsund på programmet, der det er språksjov i biblioteket. Også her er Helge Sandøy med. Søndag går turen til Fræna folkebibliotek, her kjem lektor Arnfinn Hovde inn som lokal kjentmann på romsdalsdialekten. Han er også med på det siste arrangementet på Aukra folkebibliotek måndag.

Førestillinga er ein del av prosjektet SamLES Litt, eit treårig samarbeid mellom Bjørnsonfestivalen, folkebiblioteka, GASS-ROR og fylkeskommunen, i samarbeid med mållaga i Romsdal.

Linda Eide har hatt stor suksess med sitt språksjov på fjernsyn. No startar nye innspelingar, etter jul kjem det fleire episodar.