Ikkje berre vaksne fritidsfiskarar og røynde ulkar deltek. Her gjeld også ordtaket om «tidleg krøkast…» Vi tok turen saman med to unge entusiaster frå Myklebust på Harøya for å ta del i spenninga.

Vi møtte gutane på kaia ved sjøbudene på Myklebust.

Dei hadde alt gjort seg klar for turen med påkledninga av støvler, oljekle og redningsvestar. Dei hadde fylt opp bensinkanna og var no i ferd med å ta fram agnet som må til for god fangst. I dag var det sure uer-hovud gutane fiska ut av ein stamp.

Surt agn

Den friske sjølukta vart blåst vekk frå kaia. No lukta det berre surt agn over det heile. Det var som i gamle dagar på Steinshamn; «det lukta peng». 200 kroner kiloen er den nette summen gutane får på den opne marknaden i hamneområdet.

Denne turen planla vi i forrige veke, men storm og uver stoppa oss i fleire dagar.

Magnus Haugen (13 år) og Elias Gandrudbakken (14 år) har også andre gjeremål. Begge spelar fotball og så er det skule og lekser då. I tillegg liker Magnus å hjelpe til i fjøsen med både Jon Ottar og Karl Otto som begge er bønder på Myklebust.

Registreringsplikt

I år er det innført registreringsplikt for alle hummarfiskarar i Norge med registreringsnummer for alle som deltek. Registreringa skjer på nettsida til Fiskeridirektoratet som ber om personnummer, namn og adresse.

På skjemaet til direktoratet står det at alle hummarteiner skal ha minst eitt vak som er tydeleg merka med ditt deltakarnummer, som er unikt for deg.

Magnus og Elias har alt i orden og merkinga på kulene er sirleg påført med namn og nummer. Dette er andre året gutane er hummerfiskarar.

Hummer på første teine.

Turen frå hamna på Myklebust gjekk først vestover mot Hesteberget og Kvalneset. Rundt moloen og langs fjøra utover låg bøyene tett i tett. Det er tydeleg at sporten med hummarfisket har tatt av for fleire enn Magnus og Elias.

Den første teina vi tok opp låg veldig fint til på sandbotnen midt mellom tang og tare.

– Denne har eg trua på, seier Magnus idet Elias fanger opp kula som tauet og teina er festa til. Og jaggu, der var ein stor og flott hummar på første forsøk.

Stemninga var stor i båten. Neste teine var tom; det vil seie ikkje heilt tom, nokre flotte hannkrabber var der, men slik bifangst brydde dei seg ikkje om og krabbene vart kasta attende dit dei kom frå.

Med kikkert

Med i båten er det ein sjøkikert som Magnus brukar flittig for å sjå å få teina på rett plass på botnen. Sjå der er det ei flott hole. Heng i å egn, kom det som ei basmelding til Elias, før vi driv for langt vekk frå staden. Her er det arbeidsfordeling og effektivitet som gjeld.

Maks vegn

Både Magnus og Elias har kvar sine 10 teiner. Det er maks vegn som Fiskedirektoratet tillet.

Det å dra teiner kan vere eit tungt arbeid. Spesielt dei teinene som sto utsatt for stormen sist helg. Nokre teiner hadde stått ute ei heil veke og var stappfull av tare. Det var berre så vidt gutane stritta teinene over rekka. Off for eit kav!

I tillegg slo ei regnbyge til over båten for liksom å dempe stemninga. Like vel, gutane var godt kledd og fangsten på tre hummarar var dei meir enn godt nøgde med.