Comfort Rørpartner AS kjøpte for to år sidan bygget sentralt på Falkhytten, og sidan har arbeidet med å forme nye butikklokaler vore undervegs.

– Det har tatt litt tid, sidan vi har leigetakarar som måtte skjermast for den verste støyen, fortel dagleg leiar i Comfort Rørpartner AS, Geir Sande.

Kutta røret. Torsdag kunne ordførar Bernhard Riksfjord endeleg kutte røret og erklære den nye butikken åpna, til applaus frå dei mange gossingane som hadde møtt opp for å feire nyåpninga.

– Ikkje berre har de fått ny butikk, de har jammen blitt bankeigarar også, skjemta ordføraren under åpningstalen. Ein av leigetakarar i bygget der rørleggarforretninga ligg, er nemleg Sparebanken Møre.

Gode tider

Comfort Rørpartner AS har avdeling på Gossen og i Elnesvågen, opplever gode tider med solide avtalar i både Aukra, Fræna og Sandøy.

– Vi har nokre «lokomotiv» som gjer at ordretilgangen er svært bra akkurat no, med Vikenco, Aukra Overnatting, Aukra kommune og Ormen Lange som faste kundar, i tillegg til samarbeidspartnarar i Sandøy kommune, fortel Geir Sande.

– Vi har anledning til å flytte rørleggarar mellom avdelingane etter behov, og det er ein stor fordel, meiner han.

– Vi har savna lagerkapasitet på Gossen, men med dei nye lokala vil dette bedre seg betraktelig, i tillegg til at vi har modernisert butikken vår og fått ein ny og meir oppgradert profil, legg han til.

Inspirerande

Ove Førde er dagleg leiar for avdelinga på Gossen. Han har ansvar for fire rørleggarar og ein lærling, i tillegg til Karianne Husøy, som er å finne i butikken og er den som har direkte kundekontakt.

– Eg har gledd meg til denne dagen lenge, innrømmer ho og viser fram eit utstillingslokale med alt ein måtte trenge til bad og våtrom.

– Det har vore inspirerande å jobbe med den nye butikken. No gler eg meg til å høyre kva gossingane synes, legg ho til.

Meir liv i sentrum

Og gossingane møtte mannssterkt opp og blei med på festen, med ballongar, kaker, pølser og rosande talar.

– Kjempegreier! Dette blir fint! Kjekt at det blir enda meir liv i sentrum, meinte Alette Rindarøy og Arna Flatvoll, som var med på åpningsfesten og fekk påspandert nygrilla pølser av Dirk Haase, som for anledninga hadde bytta rørtang med grillspade.