Sunnmørsposten går på leiarplass krasst ut mot konsulentforslaget om å flytte matproduksjon og sterilsentral frå sjukehusa i Volda og Ålesund til det nye sjukehuset i Molde.

- Forslaget om å flytte mat og sterilsentral må skrotast, heiter det i leiarartikkelen, som argumenterer med at dette skrivebordsforslaget ikkje er i samsvar med politiske lovnader om at Ålesund, også i framtida, skal vere hovudsjukehuset med flest funksjonar i Møre og Romsdal.

I leiaren vert det peika på at det for vel eit år sidan vart bestemt at det skal vere kjøkkendrift ved alle sjukehusa i Møre og Romsdal. - Då er det underleg at ein i dag diskuterer om kjøkkendrifta i det mest folkerike området av fylket skal leggjast ned, skriv avisa.

Dessutan: - Formålet med sentraliseringsforslaget skal ifølgje konsulentane vere å frigi areal ved sjukehusa i Volda og Ålesund. Men å bygge om, er ikkje nødvendigvis dyrare enn å bygge nytt.Dersom det nye sjukehuset for Nordmøre og Romsdal (SNR) er planlagt så romsleg at det har plass til funksjonar for heile fylket, bør arealplanen vurderast kritisk før bygginga startar, heiter det mellom anna i leiarartikkelen.