– Ei rimeleg skummel hending for eit jaktlag, når ein veit kor dødeleg eit rifleskot kan vere, seier Riise Johansen.

Fant ikkje spor

Politiet undersøkte området, men utan å finne spor.

– Ser politiet på dette som tjuvjakt?

– Vi kan jo ikkje seie det sikkert, men ein kan mistenke det. Det spesielle her er at det skjedde på lyse formiddagen, og så nær folk ute i terrenget, seier Riise Johansen.

Han oppmodar folk om å komme med tips om dei har sett noko uvanleg i området.

– Om skotet har ei «naturleg forklaring», er vi sjølvsagt også interessert i å få kjennskap til dette, seier Riise Johansen.