– Dette var svært skremmande og dramatisk, vi mistenker at det er folk på tjuvjakt som fyrte av skot medan jaktlaget var i aksjon, seier Ole Erik Berg, leiar for jaktlaget med Tusten som jaktområdet.

Han slår fast at skotet ikkje var løyst av nokon i jaktlaget.

Drivjakt

Laget har løyve til å felle elg, hjort og rådyr i Tustenområdet. Jaktlaget var søndag formiddag i gang med drivjakt i skogsterrenget aust for Nordbyen, i lia ovanfor golfbanen, da det plutseleg small mellom dei to som jaga.

– Vi jaga med vinden framover mot postar sett ut lenger framme, og hadde vel ein avstand oss i mellom på 300-400 meter, fortel jeger Kjell Herskedal. Dei to hadde kontakt på jaktradio, men avstanden var så kort at dei også kunne rope til kvarandre.

Brått small det

– Heilt plutseleg gikk det av eit skot, mellom oss som jaga. Eg trudde først at det var jaktkameraten som hadde løyst skot, og ropte. Han trudde like eins – at eg hadde fyrt av. Men slik var det ikkje, seier Herskedal.

–Livsfarleg

– Ein ukjend tredjeperson har vore i same område som oss, men litt lenger bak, og har fyrt av. Enten har han skote etter dyr som vi kunne ha skremt opp – eller vedkommande har oppfatta ein av oss som dyr, og har skote etter oss. Uansett livsfarleg, og ulovleg jakt, seier Herskedal. Både han og makkeren er erfarne jegerar, og er opprørte over det som skjedde.

Etter denne hendinga vart søndagsjakta avbroten, og politiet tilkalla. Jaktlagsleiar Ole Erik Berg vart orientert, og også Arvid Bøe, leiar for jaktvaldet Ytre Fannefjord jaktvald, vart orientert og kom til.

– Svært alvorleg

– Vi ser svært alvorleg på det som skjedde, seier Arvid Bøe. Storvaldet omfattar Tusten og sju andre vald innover, og Bøe opplyser at det ikkje er første gong det er registrert skot utanom det som er ordinær og regulert jakt.

– Både i dette området og lenger aust er det over tid høyrt slike skot. Vi legg til grunn at det handlar om tjuvjakt, der folk tek seg til rette, seier Bøe.

Han poengterer at dette er svært farleg.

– Sjølve legg vi stor vekt på tryggleik, og på at vi må vere særleg påpasselege der det kan vere folk som går tur, seier han.

– Viktig å melde frå

Jegerane oppmodar folk til å melde frå om dei har sett noko.

– Vi prøver sjølv å følgje med, men det er snakk om store område. Så om nokon har sett noko, så kontakt politiet. Slike tilstandar vil vi ikkje ha, seier Bøe.