M IDSUND / LIBANON: – Å kunne hjelpe nokon, det er meiningsfullt. Derfor er det bra at min «Psykologisk førstehjelp»-kompetanse kan komme til nytte, og derfor er det bra at engasjerte folk på Otrøya kan bidra med strikking og støtte, seier Solfrid Raknes. Den bergensbaserte psykologen frå Midsund har markert seg med konseptet «Psykologisk førstehjelp» for barn og unge. Etter at ho leverte inn doktorgradsarbeidet sitt med dette som tema, kom tanken på at slik førstehjelp også kunne vere nyttig i flyktningleirar. – Det var nok tanken om at ein skal prøve å gjere ting som betyr noko, som slo gjennom. Og kanskje litt eventyrlyst, seier Raknes. No er ho for eigen regi i gang med å lære bort «Psykologisk førstehjelp» til syriske barn i fire flyktningleirar i Libanon. Reiser og opphald finansierer ho med å leige ut leilegheita i Bergen. Innsamla midlar dekker skulemateriala, og i tillegg medverkar altså heimelaget i Midsund med varm ryggdekning.

Støtteapparat i Midsund

Frå i vår av har ho dermed pendla mellom Bergen, Libanon og Midsund. «Heime» på Raknes i Midsund har ho nemleg ei gruppe ivrige støttespelarar, som sørgjer for at prosjektet også har ein ekstra varmande dimensjon. På Raknes har Kathrin Gangstad gjennom organisasjonen Heimstadkjær/Audmjuk organisert produksjon og innsamling av varme kle og teppe, og innsamling av pengar.

Hjelpesending

Da Solfrid Raknes var heimom i slutten av september, møtte ho dei lokale hjelparane, og fekk overlevert fleire kolli kompakt pakka hjelpesending.

I Audmjuk-lokalet på Raknes hadde Kathrin Gangstad samla nokre av dei mest aktive, til eit møte med god stemning, god mat og ikkje minst rause stablar med varme strikkeplagg. Mengder av luer, sokkar, genserar og lappar til lappeteppe som er strikka til prosjektet, vart pakka og sendt med.

Rapport

I retur fekk gjengen rapport frå arbeidet i fire ulike flyktningleirar, der mange familiar blir buande i lang tid under tøffe kår.

– Mange av barna har direkte eller indirekte opplevd eller vore tett på krig. Mange er traumatisert av dette, enda fleire er sterkt prega av livet i leiren, prega av ein nokså håplaus situasjon, fortel Solfrid Raknes.

Tankeverktøy

Ho vektlegg at «Psykologisk førstehjelp» handlar om å gi barn eit verktøy for å handtere vanskelege tankar og kjensler. Utfordringane vestlege barn i «trygge» omgivnader opplever, er nok annleis enn dei flyktningbarna kan oppleve. Men i begge tilfelle kan det vere nyttig med tenkemåtar som gjer at ein betre meistrar utfordringane.

Raudt og grønt

Frå Midsund har psykologen fått med seg fleire strikka raude og grøne handdokker, som illuderer «grøne» og «raude» tankar.

– Barn som har vore tett på krig, slit ofte med multitraumer. Dei har opplevd tøffe ting, og er i ein fluktsituasjon. Sjølv om dei er trygge der dei er, kan dei til dømes bli redde av smell og bråk, som tidlegare i livet deira har betydd skyting eller bomber eller fare. Ikkje-hjelpsame, «raude», tankar kan da lett ta overhand, og forsterke vanskelege kjensler.

Med «raud og grøn»-teknikken kan barna lære seg å ta fram ein «grøn» tanke. Ein kan da undre seg over om det kan vere noko ufarleg som lagar lyd, sjekke kva bråket er, og finne at det denne gongen ikkje er noko farleg, eksemplifiserer Raknes.

Tabu

«Psykologisk førstehjelp» er prøvd ut og er i bruk i ei rekke vestlege land, medan det er uvanleg å ta opp denne typen tema i Midt-Austen.

– Psykisk helse er meir som eit tabu, noko ein ikkje snakkar om. Sjølvmord er ei ikkje-sak, og det er nytt å skulle snakke om depresjon. Her har vestlege land meir oversikt og kompetanse, som det er fint å kunne dele, seier Raknes.

Lærarkurs

For å nå barna med bodskapen om korleis dei sjølve kan handtere situasjonen, er opplegget derfor lagt inn i skulesamanheng, heller enn i familiesamanheng.

Raknes har i haust hatt kurs for lærarar, som igjen skal ta dette vidare til barna.

«Skule»

Utfordringane er likevel mange.

– Skule finst «på papiret». Barna i leirane har rett til skule, og libanesisk skuleverk har fått FN-pengar for å organisere skulegang. Syriske flyktningbarn skal dermed kunne få undervisning så dei i alle fall lærer å lese og skrive, men i praksis fungerer det ikkje særleg godt.

Dermed er det uformell undervisning som dominerer, gjerne ved at syriske lærarar i leirane frivillig og ulønt stiller opp for å gi syriske barn opplæring etter syrisk læreplan.

På arabisk

Mangel på bøker og materiell er også problematisk.

– Med innsamla midlar har vi fått utarbeidd skriftleg materiell på arabisk. Eit nyttig verktøy er ein app – dei fleste familiar har telefon tilgjengeleg. Appen er no omsett, og tilgjengeleg på arabisk, det ser ut til å fungerer godt, fortel Raknes.

Men vegen dit har vore spennande og ikkje berre enkel.

– Det krev sitt å skulle ta konseptet over frå ein kultur til ein annan. Det er snakk om svært ulike forhold og språkutfordringar – og dessutan er eg nok perfeksjonist og vil kvalitetssikre alt, seier Raknes.

Fremme helse

Ho er oppteken av at ein ikkje berre skal tenke førebyggande, men i staden helsefremmande.

– Vi veit jo kva som gjer at livet kjennest bra – at det finst leik og latter, smil og gode kjensler.

Kvardagane i leiren er ofte prega av vald og avmakt, og det er lite med smil og artige ting. Da prøver vi å legge inn aktivitet som kan live opp litt for desse barna, seier Raknes. Og poengterer at ved å legge til rette for helsefremmande tiltak, skaper ein også meir robust psykisk helse.

Vil evaluere

Etter pilotfasen der lærarar no er kursa, og «psykologisk førstehjelp» kan bre om seg, er Raknes også oppteken av evaluering.

– I først omgang må vi sjekke om det fungerer, og eventuelt justere om det ikkje gjer det. Om barna faktisk responderer, må vi undersøke i kva grad dette gir betre helse for dei, seier Raknes.

Ho kan gjerne tenke seg å bruke prosjektet i forsking, og eventuelt også nå enda lengre ut.

Kor lenge ho vil halde på med dette, er uavklart.

– Det veit eg jo ikkje heilt, vi tek eitt steg om gongen. Om tilbakemeldinga er god, og om kompetansen min viser seg å vere nyttig, så kan det vel hende at dei neste fem åra vil handle om Midt-Austen, seier Raknes.

Midsund-pågang

Tilbake på Otrøya er støtteapparatet innstilt på å følgje opp sambygdingen sin så lenge ho er i gang. Meir enn 20 var med og laga ting til dei første sendingane, og no kjem enda fleire til.

– Det er overveldande. Kvar dag er det nokon som tek kontakt, og gjerne vil vere med på denne dugnaden, seier Kathrin Gangstad. Og fortel at dei engasjerte samlast kvar torsdag, for å ordne i stand fleire varmande gåver til flyktningbarna.

Gangstad poengterer også elevane som deltek, og gjer ein kjempeinnsats.

Omtanke

Ho er oppteken av at strikkeplagga som kjem inn, er laga med omtanke og eit oppriktig ønske om å varme og vere til hjelp.

– Mange av tinga vi får inn, er heilt nydelege, laga med stor flid. Det ligg hjartevarme bak kvart plagg. Vi er sikre på at dei som får plagga merker dette, og at det gjer kvardagen deira annleis, seier Gangstad.

Hjelpeinnsatsen verkar også den andre vegen, det er positivt også for den som gir:

– Ei eg snakka med sa at det er noko heilt anna å strikke eit plagg og gi det via Solfrid, enn å berre overføre pengar til ein hjelpeorganisasjon!

Varmar to gonger

Det er eit perspektiv Solfrid Raknes applauderer:

– Slike gåver er som ved, dei varmar to gonger. Først betyr dei noko for den som lager plagget, sidan varmar dei mottakaren, seier Raknes.

I november skal ho tilbake til barna i dei syriske flyktningleirane i Libanon med meir psykologisk førstehjelp.

Frå Otrøya vil det vere klar nye kolli med varmande strikkehjelp.