– No er vi i gang, ja. Veggen var teken i bruk for første gong denne veka, med to aktive kveldsøkter, opplyser Bjørn Magne Øverås.

Klatregruppa

Drifta av klatreveggen i Nessethallen er sett bort til klatregruppa i Eresfjord idrettslag, med Øverås som leiar.

Han kan melde om god interesse – i løpet av torsdag kveld var det 13 personar med stort og smått som møtte fram og ville bli introdusert for den nye klatreveggen.

– Det er bra pågang! Anlegget er ikkje så stort, så allereie med 10 personar inne er det nokså fullt, seier Øverås. Han går ut frå at det betyr litt at det er eit nytt tilbod.

– Folk er vel litt nyfikne og vil innom for å sjå og prøve.

Variert alder

Han slår fornøgd fast at dei som kom til klatreveggen, er i ulike aldrar, frå barn og oppover til godt vaksne i 60-åra.

– Kjekt at ulike generasjonar kjem og vil prøve seg i veggen, seier Øverås.

Med overheng

Klatreveggen er montert i austenden av Nessethallen. Nesset kommune opplyser at veggen er 10,4 meter høg og 15 meter lang, og også har ein kort hjørnevegg.

Klatreveggen har 15 sikringslinjer. Den har både ein vertikal sektor, og eit overheng på 3,25 meter. Det er Tjelmeland Friksjon som har levert og bygd veggen for Nesset kommune, opplyser kommunen.

Klatring og ansvar

På kommunens nettside vert det poengtert at klatring er ein risikosport, og at det dermed er viktig med reglar om ansvar og tryggleik.

Det vert vist til at alle utan erfaring og grunnleggande klatrekunnskap som er interesserte i å bruke klatreveggen, bør starte med å lese seg opp på Brattkort.

Klatrekurs

Planen er at det etter kvart kan bli arrangert klatrekurs i hallen.

– Det er også meininga at barnehagar og skular skal få eigne opplegg i veggen, seier Øverås.

Offisiell opning

Veggen som no så smått er teken i bruk, skal også opnast offisielt.

– Det blir, men dato er ikkje avklart enno, så det vert nok litt fram i tid, seier Øverås.