Premissane var klare før møtet mellom Gossen og Skåla i siste serierunde i 6. divisjon avdeling 2 onsdag: Vinnaren ville vinne avdelinga og dermed også rykke opp i 5. divisjon. Skåla kunne også greie seg med uavgjort etter at Gossen tapte 0-1 borte mot Isfjorden laurdag og dermed starta kampen eitt poeng bak laget frå Skålahalvøya.

Det gjorde ikkje noko for Gossen som kunne juble etter seier 1-0. Eit sjølvmål av Fredrik Damman etter ein time vart avgjerande i ein kamp der begge lag fekk ein spelar utvist. Knut Anders Fostervold fekk to kjappe gule kort i det 71. og 79. speleminutt. Dermed tidleg dusj på den tidlegare MFK-kapteinen som gjorde comeback for moderlubben i sommar. Hermod Andre Jensen Rambø på heimelaget fekk sitt andre gule kort i kampen på overtid.

Gossen, som spelte i gamle 3. divisjon tidleg på 1970-talet (rykka ned siste gong i 1973) har dermed starta klatringa opp att etter at laget rykka ned på lavaste nivå i 2014. Gossen møter vinnar av 6. divisjon avdeling 1, Surnadal 2, i kampen om kretsmeisterskapen. Skåla får spele kvalifisering for 5. divisjon mot nummer to i avdeling 1, der Øksendal, Nordlandet/Dahle 2 og Batnfjord kjempar om plassen. Merk at opprykkskampen berre blir spelt om ingen lag frå kretsen rykker ned frå 3. divisjon (sjå under).

Alle premissane for opp- og nedrykk i lokalfotballen er gjort greie for av fotballkretsen her.

Knut Anders Fostervold fekk to gule kort i kampen mot Gossen. Foto: Privat