MIDSUND: – Dei siste steinane var flogne opp for nokre få dagar sidan, og i går onsdag var siste helle lagt på plass, fortel prosjektleiar Kolbjørn Stølen.

– Rekord

Gjennom Midsund idrettslag har han vore pådrivar for fjelltrapprosjekta i Midsund, som så langt har resultert i sherpatrapper til Midsundhorn og Digergubben, og no altså eit svært langt trappestrekk på stien opp mot Rørsethornet.

– Med 2.200 trappetrinn i eitt strekk er det noregsrekord! Ingen andre stader i Norge finst tilsvarande, seier Stølen.

7 rasteplassar

Han er svært godt fornøgd med innsatsen til arbeidslaget med fire sherpaer frå Nepal.

– Det er blitt veldig fint. I tillegg til sjølve trappene, er det også bygd 7 rasteplassar. Ein av dei har fått namnet «Balkongen», jamfør «Balkongen» på Mt. Everest. Der er det også bygd ein stupainspirert varde. – Den er ikkje konstruert for at folk skal klatre på den, det håper vi turgåarar respekterer, seier Stølen.

Opningsmarkering

Søndag klokka 14 vert det markering på toppen av trappene, med snorklipp, minikonsert og servering.

– Ordførar Odd Helge Gangstad skal stå for opninga. Og så skal vi fly opp Arvvas, bassist Steinar Raknes og joikaren Sara Marielle Gaup, for ein spesiell minikonsert, opplyser Stølen. Det vert også servering.

Dessutan: Dei som ikkje klarer å gå opp, skal få tilbod om fly opp med helikopter, ifølgje prosjektleiaren.

Økonomi

Med tanke på trappeøkonomien, er Stølen optimist.

– Det går bra. Akkurat no jobbar eg med å få på plass 200-300.000 kroner som manglar, det skal nok ordne seg i løpet av ein månad eller to. Dette er ein stor jobb der mykje har skjedd på dugnad – vi har bygd trapper for til saman om lag 6 millionar kroner i fjor og i år, seier Stølen.

Deler av prosjektet er finansiert med tippemidlar og midlar frå kommunen.

Meir neste år

Stølen ser også for seg meir trappebygging neste år.

– Vi vil avslutte prosjektet med om lag 1.000 trappesteg på slitne etappar på kløvstien i Bløkallen, og vil også reparere den gamle brua der. Vi vil også få lagt 300–400 trinn på stien til Aksla. Vi ser dessutan på ein muleg trappesti mellom marinaen opp dit stien til Midsundtrappa startar, seier Stølen.

– Kan det bli for mykje av det gode med så mange trapper?

– Nei. Det finst hundrevis av turar utan trapper for dei som helst vil å gå i terrenget. Responsen på trappene er svært positiv. Vi ser reine folkevandringa, og folk som ikkje har kome seg i fjellet før, gler seg no over å kunne komme opp, seier Stølen. Han poengterer også trappene som ein attraksjon, som vil gi positiv trøkk for Midsund og regionen.

– Når alt er ferdig, blir det flott med rundturar over fleire fjell med trapper, det vil trekke turistar, seier Stølen.

steinTrappentusiast: Prosjektleiar Kolbjørn Stølen. Foto: Anita Vingen Foto: ANITA VINGEN
Balkongen: Mt. Everest har sin Balkong – her bygger Bala Ray (t.v.) og Lhakpa Sherpa Balkong på Rørsethornet. FOTO: PRIVAT Foto: Privat