MIDSUND: – Aldri før har det vore laga så lang og samanhengande sherpatrapp i Norge, som den som er bygd i Midsund no, seier Geirr Vetti i Stibyggjaren AS. Det var han som først hyra inn sherpafolk frå Nepal for å ruste opp stiar i krevjande terreng i Sogn. Han har sidan formidla denne kompetansen til ei rekke fjellstiprosjekt landet rundt.

Ifølgje Vetti er prosjektet i Midsund i særklasse.

– Det er imponerande kva dei får til der, seier Vetti. Han roser særleg Kolbjørn Stølen, for innsats, og ikkje minst å få til finansiering.

– Ser du trappefjella i Midsund som attraktive ut over det lokale?

– Ja, absolutt. Allereie no ser vi at ferjekapasiteten til Midsund tidvis er knapp, fordi mange har høyrt om trappene og fjella i Midsund, og kjem langvegs frå for å oppleve det. Med infrastruktur på plass, og tilrettelagde løyper, har fjell som Rørsethornet enormt potensial. Eit slikt bratt fjell ut mot havet er spektakulært, besøkstala vil kunne eksplodere. Det kan bli ein «hit», seier Vetti, og viser til korleis fjell som Trolltunga og Preikestolen på kort tid har blitt svært populære.

Geirr Vetti. Foto: Sigrid Svartefoss / Våre veger