– Du har gjort ein uvurderleg jobb og vore ein veldig viktig person for Ormen Lange i ti år. No vil eg takke deg på vegner av alle dei tilsette og ønske deg god tur vidare, sa kommunikasjonssjef i Norske Shell A/S, Kitty Eide, etter å ha «storma» den heilt spesielle bussen.

– Uff, eg som ikkje skulle gråte, hiksta ei rørt Lillian Aasheim, mellom klemmar og blomsterkvastar.

Siste rundtur

Nærare 500 personar tok turen i buss rundt Ormen Lange-anlegget på Nyhamna under 10-års jubileet laurdag. Men den aller siste bussturen var ganske så spesiell.

– Eg har invitert venner og familie til å bli med på den siste turen eg skal gaide inne på området, fortalde Ormen Lange-anlegget sin kommunikasjonssjef.

Med tallause historier og morosame anekdotar frå 10 år som Ormen sitt ansikt overfor omverda, fekk passasjerane bli med på ein heilt spesiell busstur og etterpå vanka det blomster og lykke-ønskingar ved stoppen på campen.

– Ein epoke er over og Lillian har vore veldig engasjert i jobben sin. Det har stått på natt og dag, fortel mamma Aud Reidun og pappa Per Steinar, som var blant passasjerane.

Tar ei pause

Om eit par veker, når pult og skap er rydda, går turen til Oslo og nokre vekers opphald frå arbeidslivet. Lillian Aasheim veit ikkje heilt kva som lurer rundt neste sving, men trur det kan bli vanskeleg å ta ei altfor lang pause.

– Eg har ei adresse å sende flyttelasset til, noko meir veit eg ikkje. Men først så skal eg danse på borda! ler ho.