Formannskapet gjorde på sist møte også vedtak om å gå inn for opprusting rundt senteret i Midsund.

27 nye plassar

Planen inkluderer utbygging av 27 nye parkeringsplassar, tenkt på sørsida av senteret.

I saksframlegget er det også peika på at sidan området var etablert for meir enn 30 år sidan, er det behov for opprusting, mellom anna drenering. – Tilkomsten her er viktig, ikkje minst når det er arrangement her. Behovet er openbert; om det ikkje er kaos, så er det ikkje langt unna, sa mellom anna ordførar Odd Helge Gangstad (Sp).

Parkering på Sandane

Formannskapet vedtok også å gå inn for ny parkeringsplass ved friluftsområdet Sandane, som er mykje brukt året rundt.

– Området er svært mykje brukt både sommar og vinter. Det blir bra å få eit skille mellom veg og parkering her, poengterte Frits Inge Godø (V).

Synfaring

Formannskapet var på ei lengre synfaringsrunde der parkeringsforhold i sentrum var mellom aktuelle tema.

Lokalpolitikarane hadde mellom anna stopp ved senteret, Tusenårsplassen og marinaen og ved parkeringa ved startpunktet for stien til Midsundtrappene.

Flytte turparkering?

På godversdagar er pågangen stor, og parkeringskapasiteten altfor knapp.

Formannskapet gikk til Idavoll litt aust for turparkeringa, der det er ein gruslagt parkeringsplass bak huset.

– Her ligg det til rette for betre parkering for dei som vil på tur. Ved å legge parkeringsplassen hit, vil ein også relativt enkelt kunne få tilgang til toalett, poengterte rådmann Ketil Ugelvik.