MIDSUND: – Ikkje alle er for fartshumpar, men trafikktryggleiken er viktigast. Og når det er ok med fartshumpar i Frænavegen i Molde, må det vere greitt i Midsund sentrum også, sa Frits Inge Godø (V) da sak om fartshumpar var oppe i formannskapet denne veka.

Fartshumpar

Formannskapet skulle komme med uttale til Statens vegvesen sitt forslag om fartsdempande tiltak i Midsund sentrum. Framlegget omfattar mellom anna 10 fartshumpar på fylkesvegen, frå Midsund skule, gjennom sentrum til brua.

– Viktig å få farten ned

Teknisk sjef i Midsund kommune, Inge Rakvåg, minte formannskapet på fartsmåling gjort i 50-sona for eit par år sidan – ved skulen var gjennomsnittsfarten målt til 59 km/t.

– Det vert køyrt altfor fort gjennom sentrum, og det kan verke som om det vert stadig verre, sa ordførar Odd Helge Gangstad (Sp).

Godø poengterte også utfordring med aukande tungtransport.

– Og så har vi diverre ein del sjåførar ute, som ikkje burde vere på vegen, kommenterte Godø.

Samrøystes

Rådmann og teknisk sjef poengterte i saksframlegget at det er viktig å få senka farten i Midsund sentrum, og at ein ser 10 fartshumpar, 3 opphøgde gangfelt og 7 modifiserte fartshumpar som beste løysing.

I vedtaket heiter det også at kommunen ber SVV vurdere om det skal vere ein kombinasjon av rumlefelt, innsnevring og fartshumpar.

Dette vart samrøystes vedteke.

Kommunale vegar

Da Romsdals Budstikke for eit par veker skreiv at foreldre langs kommunale vegar i Midsund etterlyste fartsdempande tiltak, sa rådmann Ketil Ugelvik at saka ville bli tema i formannskapet.

Det vart den ikkje – derimot vil trafikktiltak ved kommunale vegar komme opp som eiga sak på eit seinare tidspunkt.

Eiga sak

– Vi har fått mange innspel frå innbyggarar om høg fart på ei rekke kommunale vegar. Vi må sjå på det som ei sak for seg sjølv, uavhengig av det som gjeld fylkesvegen. Så må vi drøfte det prinsipielt, og gjere eigne prioriteringar for kommunale vegar, presiserer ordførar Odd Helge Gangstad.

Etterslep

Kor tid ei slik sak kan komme til behandling, er derimot usikkert.

Administrasjonen viser til stor arbeidsmengd og kapasitetsproblem, dette var også årsak til at saka om høyringsuttale kom opp meir enn eitt år etter høyringsfristen. SVV hadde sett som var 26. august – i 2016 som høyringsfrist.

– Så tidspunktet for når vi kan legge fram sak om tiltak på kommunale vegar, er usikkert. Det vert tidlegast på nyåret, seier teknisk sjef Inge Rakvåg.