– Vi hadde begynt å tenke at det kanskje ikkje var dyr i området, da det losna siste dagen av jakta. Ein flokk på om lag 70 dyr dukka brått opp i himmelsjå, og kom mot oss, fortel reinjeger Toril Melheim Strand frå Eresfjord.

Villaste villreinen

Nyleg var ho på si årlege reinsjakt, i år med jaktkort på Eresfjord og Vistdal statsallmenning i området Snøhetta vest.

– Her finst den villaste av villreinen, dei er særdeles vare. Og terrenget er ope og snautt, så dette er vanskeleg og spennande jakt, seier den erfarne jegeren, som har jakta rein sidan 1983.

Mann med kaffikjel

Denne gongen fekk jakta eit ekstra spenningselement, da ein ukjend mann dukka opp i terrenget samtidig med reinflokken.

– Flokken hadde ikkje oppdaga oss, og vi ville vente til dyra kom så nært råd var før vi skaut. Men brått såg vi også ein kar mot himmelsjå, eit stykke til høgre for flokken – han hadde kaffikjele i handa. Mannen var eit stykke unna og oppdaga ikkje flokken, det var nok ein jeger som var ute og såg etter kaffivatn, fortel Melheim Strand.

Felte storbukken

Med tanke på kor var villreinen er, frykta jaktlaget hennar at flokken skulle merke mannen med kaffikjelen, og stikke.

– Dei var nær nok, og sikta var fri, så var det berre å trekke av – og der låg bukken i bakken, fortel den fornøgde jegeren.

Det viste seg å vere ein skikkeleg storbukk, på 80 kilo og med praktgevir. Den vart felt langt inne på fjellet på grensa til Lesja, ved Brønnhøa om lag 1.400 meter over havet – dermed vart det også ein jobb med å handtere og frakte slaktet.

Tunge kjøtbører

– Etter slakting på staden måtte vi steine ned noko av kjøtet, vi hadde ikkje sjanse til å få med alt. Så lenge det ikkje kjem jerv og kastar unna steinane, så er det ikkje problem å la det ligge ei god stund, forklarer Melheim Strand. Resten av kjøtet var jaktlaget oppe igjen og henta etter eit par dagar.

Familie på jakt

For henne og familien handlar reinsjakta likevel om langt meir enn å felle storbukken.

– Det er utruleg fint i fjellet denne tida, sjølv om vi fleire dagar hadde gråvêr og lågt skydekke. Uansett om det vert dyr eller ikkje, er dette som ein feire. Det er dessutan veldig kjekt med tanke på at jakta samlar familien – dette har vi som ein årleg tradisjon, fortel Melheim Strand,

Barna kjem heimover frå Oslo, Bergen og Trondheim for å vere med på reinsjakta.

– Veldig kjekt, og så er det bonus når ein får felt dyr. Også dei andre med kort fekk felt sine dyr, fortel Melheim Strand.

Matauk

Felling av storbukken inneber også solid matauk.

– Dette er det beste kjøtet. Storbukken skal bli mange gode middagar, det blir både biff, finnbiff, karbonadar og mangt anna til vinteren, seier jegeren.

Færre dyr i år

Fjelloppsynsmann Bjørn Sæther i Sunndal fjellstyre opplyser at reinsjakta i Snøhetta-området er avslutta, men at det enno er for tidleg å oppsummere jakta.

Det var i år gitt 1200 fellingsløyve i Snøhettaområdet, 1000 for Snøhetta aust, og 200 i Snøhetta vest. Dette er litt lågare enn i fjor, da det var gitt løyve til å felle 1311 rein i dette området. Fellingsprosenten var i fjor på 49,4.

– Vi veit det er teke ein del dyr i år, men det er vanskeleg å anslå årets fellingsprosent sidan vi enno manglar innmelding frå Lesja, Dovre og Oppdal. For Sunndal veit vi at fellingsprosenten er noko lågare enn i fjor, seier Sæther.