– Veldig bra, vi er utruleg fornøgde. Her har vi samarbeidd på tvers, og fått eit veldig godt resultat, jublar Ann Elin Høgset, NAV-leiar i Midsund.

Lågast i fylket

Resultatet som gler henne, er dei siste kvartalstala for sjukefråvær, som viser at arbeidstakarar i Midsund har det lågaste sjukefråveret i fylket; 3,6 prosent.

Med nedgang på 40 prosent samanlikna med same tidspunkt i fjor, er Midsund også langt framom andre kommunar i fyllet. Nærmaste på lista er Rindal, som har ein nedgang på 21 prosent.

Ros til kommunen

Høgset poengterer at Midsund er ein liten kommune, og at kommunale arbeidsplassar utgjer ein stor del av totalen.

– Kommunen som ein stor arbeidsgivar har stått for mykje av kuttet i sjukefråvær. Det er jobba veldig godt, med resultat som slår tydeleg ut på statistikken, seier Høgset.

Pleie og omsorg

Ho peiker særleg på pleie- og omsorgssektoren, som i motsetnad til mange andre stader har lågt sjukefråvær i Midsund.

– Dette er tradisjonelt krevjande og tunge kvinnearbeidsplassar, med høgt sjukefråvær. I Midsund har arbeidsgivar over tid gjort jobben både med å følgje opp sjukmelde, med førebyggande tiltak, og med å snakke om krav og forventningar. Det gir resultat, sår Høgset fast.

Legg til rette

Ho poengterer at den einskilde arbeidstakar systematisk er følgt opp ved tilrettelegging. – Har til dømes ein tilsett problem med ein fot eller anna, har arbeidsgivar lagt til rette med å gi oppgåver som er tilpassa situasjonen, seier Høgset.

– Vi veit at oppfølging av den einskilde verkar godt. Når begge partar er løysingsorienterte, så kjem arbeidstakar seg raskare tilbake på jobb. Vi ser jo også at det er helse i å vere i jobb – også eventuelt i deltid, seier Høgset.

Tillit

Høgset vektlegg at eit godt tillitsforhold mellom arbeidsgivar og arbeidstakar er svært viktig, dette må opparbeidast over tid.

– Arbeidsgivar har vektlagt nærvær og dialog, og hatt dialog om fråvær i «fredstid».

Tillitsvalde har også hatt ei viktig rolle her, poengterer Høgset.

Samarbeid på tvers

Ho viser også til at dei låge fråværstala er resultat av samarbeid mellom ei rekke partar.

– Nav jobbar tett med arbeidstakar, arbeidsgivar og legetenesta. Vi har kvar våre roller, men eit slikt samarbeid på tvers er kjempeviktig.

Små forhold

– Midsund er ein liten kommune, gjer dette det enklare å få gode resultat?

– I ein liten kommune er det kortare veg mellom einingane. Det kan vere at det slik sett er enklare å samarbeide på tvers.

Samtidig kan jo små forhold også bety at mange har relasjonar som eventuelt kan gjere det meir utfordrande. Da er det viktig at aktørane handterer dette profesjonalitet, seier Høgset.

– Strålande fornøgd

I Midsund kommune er tala karakterisert som eit lyspunkt.

– Dette er vi sjølvsagt strålande fornøgde med, seier ordførar Odd Helge Gangstad.

Han gir honnør til sine arbeidstakarar og administrasjonen for arbeidet som er gjort, og for at ein har nådd målsettinga.

– Vi har jobba breitt med dette over tid, i alle einingar, seier Gangstad.