MOLDE: På kursrommet i kjellaren på Molde sjukehus sitt eit par handfullar med tilsette og høyrer på Tone Seim Fuglset som held prøveforelesing før doktorgrad-disputasen på fredag ved Universitetet i Oslo. På rundt tre kvarter legg ho fram kjernen i det ho har forska på dei siste åra: korleis strukturen i hjernen endra seg i ei gruppe pasientar med anoreksi.

– Konklusjonen er at pasientar med anoreksi får mindre hjernevolum samanlikna med friske. Årsaka er truleg undervekt, avsluttar ho foredraget, på engelsk, før applaus og innspel frå andre tilsette.

Rammar hjerneborken

Romsdals Budstikke fekk ein prat etter seansen:

– Kva for delar av hjernen blir ramma av langvarig undervekt?

– Det er mellom anna hjerneborken som blir tynnare. I hjerneborken ligg dei avanserte funksjonane, som språk, behandling av informasjon, minne og handtering av kjensler. Men ein veit ikkje sikkert korleis desse funksjonane blir ramma, sjøl om hjerneborken blir tynnare, seier Fuglset.

– Men når delar av hjernen blir mindre, kan endringa gjere det vanskelegare for pasienten å ta imot og få nytte av behandling. Slik kan undervekt i seg sjølv bidra til at sjukdommen varar ved, seier Fuglset. Og:

– Dess lenger ein har hatt sjukdommen og dess lågare vekta blir, dess meir blir hjernen påverka. Derfor er det veldig viktig med tidleg diagnose og behandling, for å unngå endringane i hjernen. Det er kanskje det viktigaste bodskapet mitt, seier forskaren.

– Kva skjer om ein med anoreksi blir frisk igjen?

– Da finn vi at hjernen får tilbake det volumet han hadde tidlegare. Men det er uvisst om ein likevel kan få varige skader.

Mange fleire jenter enn gutar

Det er langt fleire jenter og kvinner som får anoreksi enn menn – 10–12 gonger så mange, ut frå ulike studium. Dei syner at fire av hundre kvinner får anoreksi i løpet av livet, men berre tre av tusen menn.

– Kvifor er det slik?

– Det har ein ikkje noko godt svar på, seier Fuglset.

Betre utstyr, meir kunnskap

Fuglset og andre som forskar på hjernen, har mykje betre utstyr til å ta bilete av hjernen enn før. Slik får ein stadig betre kunnskap om organet.

Men det er ikkje berre hjernen ein veit meir om:

– Før trudde ein at anoreksi skuldast kultur og miljø åleine. I dag meiner ein at det også er ein arveleg del, genetiske tilhøve som gjer ein person meir sårbar, seier Fuglset. For:

– Alle jenter opplever det same presset på kropp og utsjånad i dag, men berre nokre få blir sjuke. Ein trur ikkje det finst noko einskild «spiseforstyrring-gen», det er meir samansett enn det. Men ein ser altså at anoreksi også kjem av ein genetisk sårbarheit.

Ny type behandling i California

All den nye kunnskapen har gitt eit paradigmeskifte – ein ny tenkemåte – om korleis ein kan behandle anoreksi.

– For barn og unge med anoreksi, ser ein dei beste resultata med terapi som trekk inn familien som ressurs, seier Fuglset.

Med vaksne, derimot, har det vore vanskelegare. Men ut frå ny kunnskap, har Walter H. Kaye i San Diego i USA utvikla ein ny metode for behandling av vaksne med anoreksi, kalla NEW-FED. Ifølge Kaye er anoreksi den mest dødelege av alle psykiatriske sjukdommar.

– Behandling han har utvikla, har element frå familieterapi, og kombinerer det med kognitiv terapi og undervisning i nevrobiologisk forståing av sjukdommen. På det grunnlaget lærer pasientane strategiar for å handtere sjukdommen, fortel Fuglset.

Behandlinga skjer i to fasar: Fem dagar med intensiv behandling der ein tar med seg ein støtteperson. Og ein fase med oppfølging, som ikkje er ferdig utvikla enno.

Håpar på postdoktor i Molde

Fuglset, som er frå Fuglset, tok master ved NTNU i Trondheim med tema kognitiv biologisk psykologi, og har i fleire år vore knytt til Regional avdeling for spiseforstyrringar ved Oslo Universitetssykehus / Universitetet i Oslo. For tre år sidan flytta ho tilbake til Molde. Her har ho ei stilling ved sjukehuset medan ho har gjort ferdig doktorgraden sin.

– Kvifor valde du psykologi?

– Eg veit ikkje heilt. Men da eg starta på studia i Bergen, blei eg fanga med ein gong. Og no kjenner eg meg veldig privilegert som får vere forskar på eit så spennande område, og bidra til meir forståing og kunnskap om ein sjukdom som mange kjenner til.

Fuglset har søkt på postdoktor-midlar i Helse Møre og Romsdal, og kryssar fingrane for ja på den søknaden.

Men først er det altså disputas på fredag...